Teater
Ein drapsmann ser tilbake
Fine kvalitetar i ei framsyning som stundom blir skjemd av (vilja) overspel.
Gjermund Andresen har laga eit hyllearrangement tvers over scena.
Foto: Dag Jenssen
Å lage teater av romanen som forleggjaren Harald Grieg i si tid refuserte som «en materialsamling», er ikkje enkelt. Men Ida Høy har gjort ein god jobb med det omfangsrike og til dels kaotisk sprikjande materialet. Verket er mykje meir enn psykologi i snever meining, det har òg sine sosiale og maktkritiske sider, som teaterversjonen også syner fram innimellom.
I sentrum for boka, og teaterstykket, står småbyen Jante med si jantelov. Og så er det Espen Arnakke, som i sin ungdom drap ein mann. Kvifor gjorde han det? Svaret søkjer han i barndommen sin, med oppvekst i ein by full av sneversynte og middelmåtige borgarar, i eit miljø like rikt på misunning som det er fattig på solidaritet, og eit tilvære fullt av nederlag og audmjuking. Undertittelen på boka er Fortellingen om en morders barndom, og det er dette Haugesund Teater gir oss. Forhistoria og sjølve drapet er skildra i romanen En sjømann går i land, og noko av det er med i framsyninga.
Går amok
Biletet som til slutt skal gi oss eit tilnærma svar på det store kvifor, er samansett og blir berre stykkevis lagt fram i romanen. I den komprimerte sceneversjonen er sjølvsagt mykje skore bort, men gjennom kjappe sceniske opptrinn lèt Ida Høy oss meir enn ane nokre av dei kreftene som har forma guten som berre 18 år gammal stakk kniven i John Wakefield. Konklusjonen er klar: Oppveksten i Jante gjorde Espen Arnakke mentalt i stand til å drepe.
Portrettet Sandemose teikna av Jante, er ikkje vakkert. Det er det heller ikkje i Ida Høys regi. Men kvifor ta så hardt i? I Espens auge – og det er der perspektivet ligg – er ikkje småbyen stort å samle på, men treng ein av den grunn lage slike aggressiv-groteske skildringar fulle av overspel? Det er som om ein røynd skodespelar som Ane Skumsvoll går aldeles amok, og får Henrik Bjelland med seg i det burleske overspelet. Eg tiltrur publikum evna til å fatte poenget sjølv utan å få det servert med store bokstavar. Likeins er livet om bord i skuta Espen tek hyre på, skildra som ei scene frå galehuset.
Uvanleg scenografi
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.