Dommedag over seg sjølv
Den britisk-norske tolkinga av Ibsens epilog har sår varme og kraft.
Ragnhild Gudbrandsen og Øystein Røger i framsyninga på Coronet Theatre i London.
Foto: Tristam Kenton
Det Norske Ibsenkompaniet / Coronet Theatre i London (i Ibsen Museum & Teater)
Henrik Ibsen:
Når vi døde våkner
Regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi/kostyme: Mayou Trikerioti
Lys: Amy Mae
Lyddesign/komponist: Peter Gregson
Det Norske Ibsenkompaniet er eit føretak, initiert av Kåre Conradi, som tek sikte på samarbeidsproduksjonar av Ibsens skodespel, med norske og engelske krefter, for publikum i både Noreg og utlandet. Den no aktuelle oppsetjinga av Når vi døde våkner har vekt stor åtgaum i London og er no på noregsturné.
Denne veka fekk vi sjå framsyninga på Ibsen Museum & Teater. Det var eit vakkert og reinlinja møte med denne Ibsens sluttstrek, som er så urtypisk Ibsen og samstundes slett ikkje det; det har ein pil retta mot symbolismen, av garde frå den stadbundne realismen. Men kjærleikssviket og livsløgna står framleis som beresøyler i diktarærendet.
Historia om kunstnaren som har ofra alt – kjærleik, vennskap, familieliv – på karrierens alter, er trudd til å vere det næraste Ibsen kom til ein sjølvbiografi. Og bilethoggaren Rubek har mellom anna gjort livet surt for båe kvinnene i livet sitt, den unge kjærleiken han sveik – og seinare den livsglade unge hustrua.
I Kjetil Bang-Hansens regi har skodespelarane funne eit spennande balansepunkt mellom resignasjon og opprør. Øystein Røger som Rubek byrjar som ein lettare kynisk eldre levemann og går stillsamt i oppløysing i konfrontasjon med fortida si. Ragnhild Gudbrandsen som Irene, kvinna han sveik, kjem som ein tikkande bombe av ei hemngudinne, eit grensepsykotisk menneskevrak, men enno skarp og klårtsjåande. Og som fru Maja, som kjenner seg forsmådd, men enno er svolten på livet, har Kikki Stormo spontan varme, også i samspel med den virile bjørnejegeren (Eric Todd). (Scenane med han blir spelt på engelsk, og engelske tekstar blir synte på bakveggen gjennom heile stykket.)
Scenebiletet er dominert av ein søppel- og slagghaug, kan hende litt vanskeleg å relatere til i byrjinga. Men når vi blir mint på at det handlar om menneske på ruinane av livet sitt, gjev det etter kvart ei meining. Og dei poetiske og mangetydige replikkane til meisteren kjem betre til sin rett enn vi har høyrt det på lenge.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.