Teater
Det vakre, det stygge – og kunsten
Nerdrums tekst er interessant, men framsyninga er noko ujamn.
Per Christian Ellefsen spelar Immanuel Kant.
Foto: TBS Gallery
Det er ikkje utan nyfikne ein går for å sjå eit skodespel av Odd Nerdrum, ein tekst vi veit er ein litterær kommentar til kunstnarmanifestet hans, og eit stykke vi veit har vore refusert av Nationaltheatret.
Nerdrum har både imponert og provosert i mange tiår no. Stykket han har skrive, og som no har vore spela på TBS Gallery i Oscars gate, tek for seg eit fantasimøte mellom filosofen og kunstkritikaren Immanuel Kant (1724–1804) og målaren og kunstimitatoren Han van Meegeren (1890–1947). Kants ideal om genuin originalitet som sjølve grunnmuren for all kunst kjem såleis i dialog med Meegerens motsvar om det klassiske, det gjenkjennelege som naudsynt kunstelement.
Skodespelet har ein ganske så klassisk, tradisjonell struktur, og dialogane har for det meste fin realistisk kraft. Framstillinga av personen Kant har mykje av den menneskelege avdekkinga, steg for steg, som gode teaterstykke gjerne har. Konstellasjonen mellom han og Meegeren er i utgangspunktet spennande, men blir diverre for langvarig, og her lyt ein nok innsjå at Nerdrums private ærend og kunstsyn vert litt for tydeleg. Og kor komparativt er eigentleg Kants homo-pedofile skamkjensle i høve til kunstsynet hans? Skulle dette stykket vidare til ein større scene, ville nok ein dramaturgisk innstramming tvinge seg på.
Med omsyn til sjølve framsyninga er det òg tydeleg at ikkje heile ensemblet held same profesjonelle nivå. Per Christian Ellefsen skaper ein storarta emosjonell og desperat karakter av Immanuel Kant, og det er vanskeleg å sjå kor dette ville ført hen utan han i hovudrolla. Mot slutten av stykket byrjar vi likevel òg å oppdage Fredrik Hermansen i den interessante rolla som tenaren Lampe, ein stramt halden rollestudie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.