Teater

Tam Tsjekhov mellom lyspærer

Ei dvelande, pretensiøs Tsjekhov-tolking vert fort keisam.

Eivin Nilsen Salthe spelar Lopakhin.
Eivin Nilsen Salthe spelar Lopakhin.
Publisert

Klassikarane skal spelast, dei same stykka om att og om att, men ikkje likne på det vi har sett før. Kirsebærhagen av Anton Tsjekhov gjekk heller nyleg på Torshovteatret, no på Det Norske Teatret. Den nye oppsetjinga liknar ikkje den førre, men overraska vert vi likevel ikkje. Vi har sett det før: Ein fjernar alt av temperament, av redsle for det sentimentale, og endar i kul likesæle. Og denne gongen? Frontal spelestil, så lite augekontakt med kvarandre som mogleg, og replikkføring i langsam kino, eit par pompøse kunstpausar midt i setninga.

Vinklinga er poserande, spartansk. Scenerommet: ein stor, tom arena, der ein har senka ned eit nettverk av tende lyspærer, som ein nedsenka stjernehimmel. Klezmermusikk vert spelt, til dels på svært høgt lydnivå. Når ein her snakkar om heimen sin, peikar på kjære møblar og ser ut på den vakre hagen, må ein peike i tomme lufta. Mest absurd vert dette når det vert halde ein tale til det gamle skapet i stova – som ikkje er der. Songinnslaget til Andrejevna (Gjertrud Jynge) er vokalt bra, men gjev ingen nøkkel til rolla, og trylletricket med å sage ein mann i to vert berre eit pausenummer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement