Å ha skilde foreldre er også utgangspunktet i den nye ungdomsromanen til Bjørn Ingvaldsen, men Max har dårlegare kort på hand enn Rikka ovanfor. Med motsett forteikn syner denne forteljinga korleis foreldra, som verken lyttar eller tilpassar seg, skubbar guten utfor stupet.
Forteljarperspektivet ligg lojalt hjå Max. Likevel er det stort nok tolkingsrom i teksten til at lesaren får auge på det Max ikkje vil sjå: Mor er alkoholikar, og karrieren som arkeolog og forskar blir det aldri noko av. Far er ein feiging.
Med korte setningar og i enkel grammatikk fortel Max om dagane sine, om det han høyrer, ser og opplever. Det alminnelege blandar seg med det alvorlege, utan at det vert markert med særlege verkemiddel eller dramaturgiske grep. Nattskift i Nekropolis er ei lågmælt og gripande historie der mange små svik endar i ein stor katastrofe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.