Film

Sverta Sonja

Stødig spionthriller heidrar hemmeleg historisk helt utan unike stilsprell.

Ingrid Bolsø Berdal spelar Sonja Wigert og Rolf Lassgård speler Thorsten Akrell frå den svenske etterretningstenesta.
Ingrid Bolsø Berdal spelar Sonja Wigert og Rolf Lassgård speler Thorsten Akrell frå den svenske etterretningstenesta.
Publisert

Sonja Wigert (Berdal) slo gjennom som skodespelar i trettiåra. Då krigen kom, verka det som ho smiska med leiinga for den tyske okkupasjonsmakta med Josef Terboven i spissen. Spionen er filmen om korleis Wigert eigentleg spionerte for svensk etterretning.

Vegval

Trass i forsøk på å oppklara dobbeltrolla eigde Wigert det dårlege ryktet nesten evig. Først på 2000-talet gjorde offentleggjeringa av svenske dokument frå krigen at namnet hennar blei skikkeleg reinvaska. Difor er det heilt på sin plass at historia hennar blir løfta fram av ein stor kinofilm.

Spionen hyllar heller ein ny helt enn å problematisere oppgjeret med norsk eller svensk innsats i krigen. Ikkje noko minner om Over grensen av Bente Erichsen frå 1987 eller den nyare danske Under sanden. Likevel er filmen meir nyansert enn dei enklaste norske heltehistoriene. Meir enn å skapa ein gyllen glorie rundt helten får filmen fram at motivasjonen dels kjem frå lojalitet til familien og dels er tilfeldig. Overgangen frå det personlege til det politiske er klar. Wigert er ingen ideolog, men veit å ordlegge seg. Seansar med ein Terboven som er velsigna lite karikert, sit godt. Manusforfattarane, som òg stod bak Kongens nei, har skrive ei rekke replikkvekslingar som gjev Ingrid Bolsø Berdal rom til å herje. Ho eig rolla og spelar balansen mellom spion og skodespelar glitrande på fire språk.

Staut og streit

Musikken syter for at ein etter få sekund veit at ein ser ein thriller. Filmen følger konvensjonane til punkt og prikke med stø hand. Det er ein stor produksjon utan kunstnariske krumspring. Alt ser bra ut. Dramaet har driv, og klimaksscener har spenning, men filmen har lite særpreg. Norsk filmbransje produserer framleis flust av filmar om den andre verdskrigen. Spionen har livsrett i større grad enn filmar som Den 12. mann, men eg hadde sett pris på meir spenst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement