Musikk

Svanesong

Johann Gottlieb Baron komponerte solosuitar for eit utdøyande instrument.

Luttspelaren Johann Gottlieb Baron (1696–1760) på eit koparstikk frå 1727.
Luttspelaren Johann Gottlieb Baron (1696–1760) på eit koparstikk frå 1727.
Publisert Sist oppdatert

Johann Gottlieb Baron var ein av seinbarokkens største luttspelarar, men er lite kjend i dag. Grunnane til dette er fleire. For det fyrste levde han i ei tid då lutten var i ferd med bli avleggs. Han hadde altså få etterfylgjarar i faget. For det andre komponerte han gjerne i «galant stil», som la vekt på lettfatteleg melodikk, enkel harmonikk og grasiøse ornament. Det performative var her minst like viktig som det kompositoriske. I tradisjonell musikkhistorieskriving har ein gjerne sett på galante komposisjonar som banale, slike musikkhistorikarar fokuserer nemleg på noteteksten og ikkje på framføringa (me har notane, men lyden av korleis dei blei realiserte, er jo borte).

Ukrainsk fløyte

Tyske Baron kom til verda i byen Breslau i det historiske landskapet Niederschlesien (i dag polske Wroclaw). Han studerte juss ved universitetet i Leipzig og enda – etter karrieremessige mellomlandingar i Gotha og Eisenach – som hoffmusikar for kong Fredrik II «den store» av Preussen i Berlin. Mykje av musikken hans er gått tapt (då lutten gjekk av moten, brydde ein seg vel heller ikkje med å ta vare på luttnotar).

Kring eitt dusin solosuitar for lutt og ti ensemblestykke med lutt er overleverte. Sju av dei spelar Bernhard Hofstötter på plata si: tre åleine og fire saman med blokkfløytisten Bozjena Kortsjinska og cellisten Marija Bil. Av uviss grunn nyttar ikkje ukrainske Kortsjinska vanleg barokkblokkfløyte, men ei såkalla ukrainsk kromatisk blokkfløyte, ei form for folkeinstrument med litt hås klang. Det er ei underleg instrumentering for tysk barokkmusikk som omslagsteksten heller ikkje gjev noka forklaring på.

Einsam luttenist

Utanom dette med å spela lutt har Hofstötter til felles med Baron at han òg har studert juss (i Oslo, faktisk). Høgast kvalitet er det på stykka for lutt solo, som er suitar i fransk stil med rekkjer av stiliserte dansesatsar. Suite i F-dur er eit seint verk, frå tida då Baron blei stadig meir einsam som «luttenist» (samtidas omgrep på luttspelarar). Eg klarer ikkje å unngå å oppfatta verket som ein svanesong for det utdøyande instrumentet hans, særleg den rolege «Sarabande»-satsen med djup harmonikk og melodiske frasar som ebbar ut i det høge registeret, som spørsmål utan svar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement