Musikk
Suverene solistar
Václav Luks gav oss årets festivalhøgdepunkt i Thomaskyrkja.
Václav Luks dirigerer Matteuspasjonen i Thomaskyrkja.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Også Bachs Johannespasjon har 300-årsjubileum. Eg rakk diverre ikkje å høyra den i år, men Matteuspasjonen i Thomaskyrkja førre laurdag fekk eg med meg. Tsjekkiske Václav Luks dirigerte her koret Collegium Vocale 1704 og orkesteret Collegium 1704, ein konsert som blei Bachfest-høgdepunktet mitt i år.
Eg kjenner Luks gjennom innspelingane hans av bøhmisk barokkmusikk, særleg messene til Bachs jamaldrande komponistkollega Jan Dismas Zelenka har eg høyrt mykje på. Luks har eit eineståande friskt og dramatisk driv når han dirigerer denne katolske, italienskinspirerte kyrkjemusikken. Sansen hans for det teatrale, dei brå overgangane og tilsynelatande spontane aksentane i korsatsane – dette prega også Bach-framføringa hans. Lytelaust leidde han det store musikarapparatet med to orkester og to kor, i tillegg til songsolistar. Solistane var alle dyktige, for Luks har god smak når det gjeld å velja seg songarar, og han gjev dei stor fridom til å utfalda seg i ariar og resitativ.
Rolla som evangelist, han som framfører bibelorda ordrett og driv handlinga i pasjonen framover, blei sungen av tenoren Robin Titschler. Røysta hans er grunnleggjande lyrisk, noko som førte til ein verknadsfull kontrast mot slutten, i det eldfulle resitativet med orda «forhenget i tempelet rivna i to, ovanfrå og heilt ned» og «jorda skalv, og berga brast». Også bassen Matthias Winckhler i rolla som Jesus imponerte. Uttrykket hans var aristokratisk avmålt, med minimal vibrato på tonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.