Film

Store Sly

Det nyss avlidne musikalske geniet Sly Stone er verdig skildra i den nye dokumentaren av Questlove.
 

Sly Stone (1943–2025) var songar, keyboardist, gitarist og leiar av bandet Sly and the Family Stone.
Publisert Sist oppdatert

Etter fyrverkeriet Summer of Soul (...or, When the Revolution Could Not Be Televised) er trommeslagar, produsent og mykje meir Ahmir «Questlove» Thompson tilbake med meir musikkhistorie frå USA.

Tittelen viser at han held fram med å ha fokus på historia til svarte musikarar. Å takle diskriminering og byrda med stjernestatus er vrient. Her finn Questlove ei forklaring på at Sly Stone etter suksessen hadde rikeleg med personlege problem.

Mannen

Opninga av Sly Lives! er ein kakofoni av kompliment frå musikalske autoritetar i eit tempo som gjev andenaud. Filmskaparen får fram eit poeng ved å overdrive det slitne grepet frå nær sagt alle musikkdokumentarar frå USA gjennom tidene. Sly sjølv er med gjennom arkiva.

Eit fjernsynsintervju frå etter at han var på høgda, er sentralt. Arkivet er generelt rikt. Konsertar og intervju gjev stemning og innsikt. Bandmedlemmar, historikarar og musikarar han inspirerte, deler sine syn, alle med stor kjærleik for hovudpersonen og musikken hans. At Sly sette saman eit band med kvinner og menn, kvite og svarte, var verdifullt og unikt. Det same kan ein seie om musikken deira.

Sly var kanskje oftare i fengsel enn på scena gjennom åttitalet. Rusen regjerte. Questlove insisterer på spørsmålet i tittelparentesen meir enn fleire av intervjuobjekta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement