Musikk

Stillferdig samarbeidsprosjekt

Ukonvensjonell instrumenthandsaming vert kombinert med vanlege treklangar.

Publisert Sist oppdatert

Denne plata er frukt av eit europeisk samarbeid; musikarar med bakgrunn frå fleire land som i år gjev ut opptak av ein konsert i Paris i 2018 på eit ungarsk plateselskap. I det medfylgjande tekstheftet plasserer musikkvitaren Nicolas Donin dette som ein slags «imaginary folklore», i tradisjonen etter komponisten Bela Bartok, som gjorde eit stort innsamlingsarbeid av ungarsk folkemusikk, og som sidan nytta element frå denne musikken i sine eigne komposisjonar og transformerte utgangspunktet til det uattkjennelege.

Det einaste definerte folkemusikkelementet på plata er «En sang om døden» (med tekst av Dorothe Engelbretsdatter), etter opptak frå 1958 med Johan Hufthammer frå Austevoll. Men røysta til Brunvoll ligg såpass langt bak i lydbiletet og vert såpass blanda med klangen frå dei andre instrumenta at dette ikkje framstår som ein «religiøs folketone» i vanleg tyding.

Slik er det òg med andre meir konvensjonelle element, som treklangakkordar frå piano eller gitar som tilsynelatande skil seg ut frå eit klangleg landskap ein gjerne kallar samtidsmusikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement