Teater
Sterkt om ekteskap i vranglås
Imponerande regidebut og framifrå samspel på liv og død.
Madeleine Brandtzæg Nilsen har rolla som Alice, og ektefellen, Øyvind Brandtzæg, spelar ektefellen Edgar.
Foto: Ole Ekker
På Trøndelag Teater er Studioscenen omskapt. Det som møter oss, er ein opphøgd, oval konstruksjon med blankt golv og ditto tak, og med søyler som fører tankane til ein lukka arena for kampsport. Publikum er plasserte heilt inntil kamparenaen. I kvar ende av ovalen sit dei to hovudpersonane, tolka av skodespelarekteparet Øyvind Brandtzæg og Madeleine Brandtzæg Nilsen, og snakkar til kvarandre med størst mogleg avstand. Kampen kan byrje.
Begge har sett livet gå forbi, og dei veit å leggje skulda på kvarandre – og på alle andre, som dei med åra har distansert seg frå, især han. Det som kan ha funnest av kjærleik, er tørka ut, erstatta av bitterheit og vonde skuldingar. Ikkje stort å markere sølvbryllaup for. Inn i ormebolet kjem ein tredje person (Ole Christian Gullvåg), som uvitande og uforståande blir katalysator for ein vond maktkamp. Men underleg nok kanskje også får ein terapeutisk effekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.