Film
Sterkare kost(yme)
Forteljinga om Emily Brontë er ikkje heilt etter oppskrifta, og smakar kanskje difor endå betre.
Emily (Emma Mackey) forelskar seg i den nye kappellanen William, spelt av Oliver Jackson-Cohen.
Foto: Ymer Media
Yorkshire, kring 1840: Unge Emily (Mackey) bur saman med systrene og faren på prestegarden då den nye kapellanen William (Jackson-Cohen) kjem og talar om regn og Gud. I staden for å reisa til lærarstudium i storbyen blir den sky, introverte Emily verande på landsbygda og finn snart ut at William kan meir enn berre å preika.
Jane og Emma
Alt frå starten skjønar ein at Emily ikkje er nok eit kostymedrama laga for å tekkast eit underleg altetande publikum, og det mest i øyrefallande er musikken. Strykarane får selskap av underleg, kul korsong som ikkje bryt med det grøne Yorkshire-landskapet med åsar, men understrekar at her er det fleire dimensjonar i vente.
Den vakre, unge kvinna med det mørke håret glir ikkje berre formålslaust gjennom det bølgande graset som ei typisk heltinne av denne sorten. Men så er det likevel akkurat det ho er, berre hakket meir kompromisslaus, og det gjer at filmen nok vil appellera til den store Jane Austen-foreininga.
Ingenting gale med det! Me snakkar trass alt om forfattarane av ein av dei aller største litterære suksessane som ikkje var ført i pennen av Jane Austen. Noka sannferdig historie om det korte livet til den vidkjende forfattaren har ikkje regissør Frances O’Connor påstått at ho har laga, men basert på Stormfulle høgder kan ein kanskje gå ut frå at det til tider storma, i alle fall i det indre livet til Emily Brontë.
Uhistorisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.