Bok

Sorgas psykologi

Max Porter skildrar sorg og sakn frå mange innfallsvinklar.

Max Porter arbeider som redaktør i eit britisk forlag og debuterer med ein roman om sorg.
Max Porter arbeider som redaktør i eit britisk forlag og debuterer med ein roman om sorg.
Publisert

Britiske Max Porter (f. 1981) har hatt stor nasjonal og internasjonal suksess med den vesle debutromanen som kom for to år sidan, Grief is the thing with feathers, no på norsk ved Arne Ruste. At Arne Ruste er omsetjaren, er ikkje tilfeldig, sidan han ved fleire høve har omsett Ted Hughes. Når Max Porter skriv i ein slags dialog med Hughes diktsamling Crow (1970), der han skriv ut sorga over tapet av Sylvia Plath, er det naturleg, i og med at begge bøkene på ulikt vis sirklar inn sorgas psykologi.

Ein ung far sit att med to søner etter at kona plutseleg døde. Alt blir snudd opp ned, alt stansar, sorga og lengten verkar lammande, før eit beist av ei kråke plutseleg invaderer husværet og tar styring og retning i arbeidet med å stable den vesle familien på beina igjen. Ho gir klare meldingar: «Jeg forlater deg ikke før du ikke lenger trenger meg.» Som kråke og åtselfugl har ho ein særmerkt kvalitet: «Vi kan (…) fortære sorg.»

Gripande scener

Ho blir i familien, til og frå som fantasifugl i mange år, og ho opptrer frekt, sarkastisk, morosamt, leikent, omsorgsfullt og terapeutisk. Ho leiker med språket, lagar nye ord og ordspel, fortel eventyr, går ut og inn av draumar og myter der kråker har sin symbolverdi, og med jordnær realisme hankar ho inn faren når lengten tar overhand: «du låter som en kjøleskapsmagnet».

Teksten er fordelt på tre stemmer: faren, gutane og kråka. Tidsramma og kronologien er relativt laus og strekker seg langt inn i farens alderdom og gutanes vaksenliv, men i hovudsak dreier det seg om dei første åra etter at kona døde. Det er djupt gripande scener som med enkle grep fangar inn det saknet dei lever i: «Vi pisset på setet. Vi lukket aldri skuffer. Vi gjorde slike ting for å savne henne, for alltid å ønske henne.»

Faren, som er akademikar og ekspert på Ted Hughes, arbeider med ei bok om det store forbildet, ei bok som «vil appellere til alle som er kvalme av Ted & Sylvia-arkeologien», og gutane leverer ei herleg historie, ei urforteljing i familien, om farens møte med Ted Hughes i Oxford, eit møte fylt av ein 18-årings beundring og sjenanse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement