Bok

Songen om han sjølv

Når det gjeld form, har Martin Ingebrigtsen enno ein veg å gå.

Martin Ingebrigtsen er forfattar og omsetjar.
Publisert Sist oppdatert

Den nyaste diktsamlinga til Martin Ingebrigtsen, Ein filleting som døden, byrjar med ein provokasjon. Døden, det mest gåtefulle og skakande av alt, vert redusert til ein «filleting». Men ein verknad av provokasjonar er at dei får oss til å tenkja, og det kan føra til nye erkjenningar.

Og dødens nærvær merkar ein overalt i boka, særleg gjennom refleksjonane til sjølvmordaren: «sjølvmord er min impulsive reaksjon på alt det er sjølvtrøyst:/ ‘eg kan alltids berre drepe meg’/ eg har knua den tanken som ein sutteklut sidan eg var unge».

Grunntema

Det suicidale er eit grunntema i boka. No vert sjølvmord tradisjonelt rekna som ei feig og egoistisk handling, medan filosofen Arthur Schopenhauer tvert om meinte at det er den modigaste gjerninga som finst, av di mennesket då tek herredømet over eige liv og død. Kven som har rett, skal ikkje eg ta stilling til.

Dei sjølvutleverande elementa i boka til Ingebrigtsen ligg i prinsippet ikkje så langt unna Hans Jæger og romanen Syk kjærlihet, som er sjølvbiografisk til dei grader, utan noka form for blygsel. Ein kan trygt seia at han tek det sjølvutleverande minst like langt som bohemen Jæger: «eg trur på å vere poet ete poetisk sove poetisk gå poetisk drite poetisk/ og sjå at det eg skriv blir poesi».

Refleksjonar over døden vert kontrastert med vare skildringar av barnet, det gryande livet. Det å ha vorte far gjer noko med eget i dikta, det fører med seg ansvar og forplikting, som ikkje kan forlikast med å flykta inn i dødens gløymsle. For det å leva er djupast sett å leva for dei andre, og ikkje berre for seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement