Teater
Sondheims mørke eventyrleik
Her er mykje vokal prakt og energi, men sjangeren er for dei utvalde.
Skodespelarane, som Mimmi Tamba (i midten), syng med sjel, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Erik Berg
Musikalmakaren Stephen Sondheim er nok den som har fornya musikalsjangeren meir enn nokon annan. Verka hans er ikkje standardlåtkatalogar à la Cole Porter og Richard Rodgers, og dei er heller ikkje smektande sentimentale à la Andrew Lloyd Webber og Claude-Michel Schönberg.
Sondheim er spesiell, utfordrande. Bortsett frå gullklassikaren «Send in the Clowns» frå A Little Night Music har ikkje desse verka heller ålmennkjende melodiar. Musikken nærmar seg ofte atonale operaresitativ. Men det heile har som oftast likevel ein fjetrande dramatisk effekt. Det er ein eigen kjemi mellom musikk og skodespel som skapar magien.
Eventyrleik
Into the Woods, som er eit av dei seinare verka hans, er ein lettare makaber leik med velkjende eventyr. Grunnideen her er å fabulere over korleis det eigentleg går med alle desse figurane etter at snipp snapp snute er sagt og underskrive. Spesielt barnevennleg er musikalen dermed ikkje.
Kryssingane av ulike eventyrelement går heller over stokk og stein, og eventyrformelens enkle logikk er heller ikkje vektlagd, snarare tvert om. Oppsetjinga på Det Norske Teatret har heller ikkje lagt seg etter å rydde og skjerpe strukturen. Rollefigurane er, dei fleste, så pass outrerte at det er vanskeleg å skilje mellom gode og vonde, vakre og stygge.
Scenografien, dominert av eit stort hus som alle går like sjølvsagt inn og ut av, gjev meir forvirrande enn klårgjerande bakgrunn for handlinga. Vi har ikkje sett uroppsetjinga på Broadway, men får ei kjensle av at det her har krasja litt mellom Broadway-musikalens typisk ferdigbygde struktur og ei individualistisk regiløysing, der ein har vilja ha ei oppsetjing som står på eigne bein. Om resultatet har lukkast, kan nok diskuterast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.