Musikk

Skrullexte skrullingmusikk

Ingen likar dub, men alle likar dubstep, og dubstep likar alle.

American artist Skrillex preforms at Orange Scene at Roskilde music festival in Roskilde, Denmark, Friday, July 5, 2024. (Thomas Traasdahl/Ritzau Scanpix via AP)
Den amerikanske artisten Skrillex på Roskildefestivalen i 2024.
Publisert Sist oppdatert

Eg har berre møtt ein einaste DJ som har vore open om å vere dubstep-DJ. Ho sa at ho fann musikken ho spelte, ved å sjå på sjangertopplistene på Spotify. Maken til ærlegdom har eg sjeldan høyrt.

Nesten alle DJ-ar eg har møtt, læst som dei er dub-DJ-ar; eit dansegolv må byggjast frå den sløvaste og slappaste beat som finst. Medvitsstatusen til dei heroiske sjelene som tek ansvar for eine og åleine å starte eit dansegolv med dub som grunnstein, er for meg uforståeleg og mystisk som sjølvaste den abrahamittiske Gud.

Når vi talar dub, talar vi ein avart av reggae som, om ein kan tru det, er endå slappare i beat-fisken med sin karakteristiske tre-over-fire-delayeffektbruk og røykfylte uforståelege utsegner. Dub er viktig, det, altså, visstnok, men det er som den typen stein i elva som på engelsk blir kalla stepping stone – springbrett eller trappetrinn, seier ordboka. Kan vi seie hoppestein? Hoppestein til andre sjangrar, til dømes punk, new wave, jungle – og dubstep.

Dubstep på si side får folket til å hoppe kringom. Denne sjangeren, hatobjekt i fantasien til mang ein DJ, har ingen grenser; det er musikkstilen alle vil høyre ute på dansegolvet av di han får nervesystemet til å oppleve seg sjølv som ein marionett.

Lydbølgjene dreg i nervetrådane og ein flaksar kringom lik ein eller annan slags Amandus dokkemann. Saman med alle andre, slik at ein kan sjå teit ut saman. Det er det dansing handlar om, men få vil innrømme det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement