Teater

Skrekkfilm og makaber komikk

Gruppa Susie Wang tek scenen med vill humor og uhygge.

Julie Solberg og Mona Solhaug spelar kvinner på keramikkurs.
Julie Solberg og Mona Solhaug spelar kvinner på keramikkurs.
Publisert

Når ei sjølvstendig profilert teatergruppe inntek Nationaltheatret med sitt eige prosjekt, kan det slå båe vegar med omsyn til møte mellom teaterkulturar. I beste fall kan det gå riktig bra. Det gjer det denne gongen, med Trine Falch og gruppa Susie Wangs framsyning The Look.

Stykket har ikkje nett noka logisk, ibsensk handlingsframdrift, men det har klårt definerte rollefigurar, og vi misser aldri interessa og nyfikna for det som skal skje i neste augneblink, endå om vi ikkje alltid skjøner kvifor det skjer. Fascinerande og sceneteknisk imponerande er det likevel heile tida, og spelemessig vilt, sterkt og morosamt.

Realistisk start

Det heile startar realistisk nok: Åstaden er ein keramikkverkstad i Syden, der tre amerikanske kvinnelege turistar skal kome for å ta eit feriekurs i skulpturforming. Dei kjem òg, men først etter ein forunderleg handlingsprolog vi ikkje skal røpe. I ei personteikning og ein hendingsgang som stendig vekslar mellom det sannsynlege og det marerittaktig umoglege, får vi, på eit vis, om vi tolkar rett, ei spissa utforsking av magnetismen og antimagnetismen mellom det maskuline og det feminine. Korleis ser ei kvinne ein mann, og korleis ser ein mann ei kvinne? Slik sett er det rimeleg at det heile går føre seg i ein kunstnarverkstad.

Dei tre overkarikert feminine kvinnene (Mona Solhaug, Julie Solberg og Stine Fevik) krinsar med ei blanding av jenteknis og furiekraft rundt den absurde og groteske mannsskapnaden (Jan Sælid), medan den merkelege kommunikasjonen deira etter kvart får eit følgje av apokalyptiske naturkatastrofar. Dei filmklassiske referansane er tydelege, her er hint både til Lars von Triers dommedagsvisjonar og til Alfred Hitchcocks intense seigpiningsscenario. (No kjem det snart noko fælt, men kva tid? KVA TID??!!)

Grufullt og grotesk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement