Skrap i skyene
Dwayne «The Rock» Johnson kan berge mykje, men ikkje denne slappe storfilmen.
Will (Dwayne Johnson) skal sikre den høgaste og tryggaste bygningen i verda i Hongkong, men får utfordringar.
Foto: Universal
Action
Regi: Rawson Marshall Thurber
Skyscraper
Med: Dwayne Johnson, Neve Campbell, Chin Han
Tidlegare FBI-agent Will (Johnson) driv eit lite firma for tryggleik etter at han miste beinet i ein gisselsituasjon. Han møtte kona (Campbell) på operasjonsbordet. To vakre barn fullfører familieidyllen. No skal Will sikre den høgaste og tryggaste bygningen i verda i Hongkong. Før du veit ordet av det, er familien fanga høgt oppe i den brennande skyskraparen saman med vonde skurkar. Will vil vonleg berge dagen.
Svimlande stort
For ein vertikalt utfordra meldar med ein god porsjon høgdeskrekk har Skyscraper ein del enormt ekle scener der helten dinglar høgt i sky. Då blir ein lett sveitt i nevane sjølv om ein veit korleis det går. Eg røper neppe for mykje om eg seier at ein brøkdel av eit sekund og eit par millimeter ganske ofte held til å kaste seg på trygg grunn.
Helst heng Will på utsida av bygningen, slik at media kan følgje dramaet. Publikum på gateplan sitrar av spenning medan bygningen brenn minutt for minutt. Filmen er ikkje i nærleiken av smart nok til å kritisere at eit drama om å få eit knippe folk ut av ein utilgjengeleg stad, stel heile mediebiletet. Studioet vil berre sikre nok klikk. Både innspelingsstaden og stjernegalleriet på rollelista er motiverte av økonomiske dynamikkar i den globale filmverda i dag. Her gjeld det å få flest mogeleg til å sjå ein storslagent middelmåtig actionfilm.
Manisk manus
Regissør Rawson Marshall Thurber har vore kjend for populære komediar sidan debuten Kanonball: en film med baller i 2004. I Central Intelligence hadde han òg med Johnson i hovudrolla. Skyscraper, derimot, er ein rein actionfilm. Her finst ikkje ein einaste morosam augneblink, sjølv om eg anar eit par forsiktige forsøk.
Manus minner mest om ei brukarrettleiing frå Ikea. Kvar handling blir skildra i sirleg detalj før ho skjer. Alt som har skjedd, blir igjen forklart for dei tungnæme. Når Will seier til den rike huseigaren Zhao Long Ji (Chin Han) at dei må snakke saman, då meiner han alvor. Prat blir det. Skurkane snakkar òg, litt sånn som i ein Austin Powers-film der den utspekulerte planen blir utbrodert så lenge at helten får tid til å snike seg unna.
Blast bos
Skyscraper har ein eim av oppgulp. Openberre frampeik finst frå første scene. Familiedramaet er typisk og traust. Action-sekvensane er bygde over ein kjend lest. Ein ny variant av skyting mellom speglar spelar seg ut med minimal effekt.
Som dei fleste actionfilmar om dagen fetisjerer filmen teknologi utan å nytte han med sans for estetisk verdi. Det visuelle uttrykket er uinteressant og glatt. Korkje koreografi eller kulissar er minneverdige.
Thurber har lite nytt å kome med. Sjølv om Dwayne «The Rock» Johnson har sin sjarm, er han ikkje nokon stor skodespelar. Dei breie skuldrene hans kan ikkje bera denne blasse blockbusteren i tryggleik.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skyscraper har ein eim av oppgulp. Openberre frampeik
finst frå første scene.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»