Bok

Sit som spikra

Carl Frode Tiller er på heimebane, både i Namsos og i Trondheim.

Carl Frode Tiller er utdanna historikar og har fått fleire prisar for forfattarskapet sitt.
Publisert Sist oppdatert

Carl Frode Tiller og Erlend Skjetne er for tida dei mest produktive og ambisiøse mannlege forfattarane i Trøndelag. Begge held høgt handverksmessig og litterært nivå, og dessutan, meir som ein kuriositet, kanskje: Begge skriv på nynorsk.

I desse dagar er Carl Frode Tiller ute med Arbeidarhjerte 2, oppfølgjaren til Arbeidarhjerte1, som kom i 2024. Det er den niande romanen etter debuten i 2001. I tillegg har han skrive dramatikk og langdiktet Det framande landet (2022). Det som særpregar forfattarskapet, er ei djup forståing av det konfliktstoffet som ligg innanfor ein familie, mellom generasjonar og mellom samfunnsklassar. I Arbeidarhjerte 1 og 2 speler han alt dette ut på imponerande vis.

Persongalleriet er oversiktleg og gjenkjenneleg: Det er forteljaren Trond, gift med Therese og med døtrene Helga og Astrid. Det er foreldre på begge sider, i Namsos og i Trondheim, og det er venner og studiekameratar opp gjennom åra. Handlinga strekker seg frå 1970-talet og fram til notid og vekslar mellom Namsos og Trondheim, episodisk og ukronologisk, men samtidig oversiktleg nok.

Motsetningar

Trond har vakse opp i eit arbeidarklassemiljø i Namsos. Både faren og bestefaren er praktiske og jordnære folk, kontante og politisk bevisste, forma av eit langt liv som sagbruksarbeidarar. Foreldra til Therese er salongradikale besteborgarar, opptekne av kunst og litteratur. Trond kjenner seg både heime og som ein framand i begge desse miljøa, og denne lengten etter fellesskap og eit autentisk liv finn han igjen både hos Dag Solstad og hos Erlend Loe, som alvor og som ironi.

Det tidsbildet Tiller viser fram av dei siste femti åra, er både presist og treffsikkert. Her blir det røykt rullings og drukke heimbrent til langt innpå 2000-talet før ein går over til kvalitetsvin og treretters middag på restaurant. Kontrasten mellom 1. mai og 17. mai ligg der og blir spelt ut i folkeleg, karnevalistisk humor, samtidig som Tronds kommunistfar med sitt enten-eller og svigerforeldra med ei meir open og tolerant haldning viser motsetningar som ulmar under ei danna og vennleg overflate.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement