Musikk

Sånn er livet

Phosphorescent følgjer opp Muchacho.

Publisert

Halvvegs ute i «My Beautiful Boy», som ikkje kan verte forstått som noko anna enn ei utilslørt kjærleikserklæring til eit barn, tek eg meg i å lure på om Matthew Houck – også kjend som Phosphorescent – har late seg inspirere av John Lennons «Beautiful Boy» (1980), songen som vart skriven til sonen Sean. Ikkje at det liknar så mykje, men sjølve gesten, som uredd går til saka utan å la seg affisere av ein frykt for det sentimentale, er til å kjenne att.

Det gir i så fall meining, for plateselskapet opplyser at Houck, som med C’est La Vie gir ut sitt første album som Phosphorescent på fem år, har vore gjennom ein omveltande periode: Han vart forelska, stifta familie, flytta frå New York til Nashville og bygde eit studio i sin eigen heim. Klassisk forteljing, ikkje minst i ein lanseringssamanheng.

Heimelaga

Der, i heimestudioet, vart denne nye plata til, ei samling songar fleire lyttarar vil møte med forventning, og då særleg dei som vart glade i Muchacho (2013), og tralla med til «Song for Zula» frå morgon til kveld. Det var det mange som gjorde, og eg høyrer til mellom dei. Houck farta rundt med songane sine verda over, og for artisten vart det mange seine kveldar som gleid over til morgon, før ein ny dag baud på det same.

Slik kan ein leve, men så kan ein ikkje det lenger, og det kunne nok ikkje Houck, eit faktum som kviler over erkjenningane som utan for store fakter motiverer C’est La Vie, ikkje minst i ein song som «These Rocks», der den hese røysta prøver å komme seg på rett side av «ti år på fylla».

Livet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement