Musikk

Samspelt trio

Chambre Séparée musiserer friskt med båe beina planta i tradisjonen.

Trioen Chambre séparée: Håkon Nordby Bjørgo, Magnus Stefaniassen Eide og Kristoffer Kompen.
Publisert Sist oppdatert

Kristoffer Kompen har heilt frå tenåra blitt lagd merke til som ein gåverik instrumentalist og improvisator, gjerne innan trad- og svingjazz.

Han har mellom anna bak seg tre utgjevingar med festivalyndlingane Jazzin Babies, men det er 20 år sidan, og den sjangermessige breidda i engasjementet til Kompen er med tida blitt monaleg utvida. Kompen har i tillegg blitt ein etterspurd teater- og sessionmusikar.

Tett samspel

Med Lukka lag er han attende med båe beina i mainstreamtradisjonen. Plata inneheld tolv originale komposisjonar, og Kompen har signert langt dei fleste. Trioen er eitt av fleire positive resultat av covid-19-pandemien. Kristoffer Kompen, Håkon Nordby Bjørgo og Magnus Stefaniassen Eide brukte mange ledige tysdagar til øvingar, og slikt blir det tett samspel av.

Det å kjenna kvarandre så godt som desse tre gjer, er ein føresetnad for at dei mange arrangementsgrepa skal fungera. I ei mindre samkøyrd eining kunne flyten og den avslappa musiseringa fort gått tapt. Både opningssporet «Til seters for å bli støl», tittelkuttet «Chambre Séparée» og «Tre kopper te i lukka lag» er gode døme på det.

Tradisjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement