Bok

Saknar pust

Det kan vere at denne romanen er for observant for sitt eige beste.

Sigrid Merethe Hanssen fekk Blixprisen for novellesamlinga ho debuterte med i 2007. Etter det har ho skrive fleire bøker i ulike sjangrar.
Sigrid Merethe Hanssen fekk Blixprisen for novellesamlinga ho debuterte med i 2007. Etter det har ho skrive fleire bøker i ulike sjangrar.
Publisert

Eg møter Sigrid Merethe Hanssens andre roman Kom ei jente gåande med ein viss ambivalens. Litt slik eg møter frukta mango: Det hadde vore godt, hadde det ikkje vore for at det var så vondt. Eg skal forklare meg med éin gong: Hanssen etablerer ei historie det er lett å fatte interesse for, sidan ho kjem til syne litt etter litt – vi puslar saman ulike scenario.

Ei lita jente veks opp hos den eldre kvinna Molle i ei nordnorsk bygd på 60-talet. I ei scene svingar den ufrivillig barnlause Pauline forbi med legeektemannen Karl. Koplinga mellom desse to scenene er antyda alt i forlagsomtalen, men bakanfor ligg fleire løyndomar som hovudpersonen avdekker etter å ha fått sjokkerande, nye opplysingar på moras dødsleie.

Attkjennande bilde

Her er altså nok av dramatikk, skal det vise seg, men det er uråd å kalle det ein handlingsdriven roman. Dramatikken finst i glimt, som korte påstandar om hendingar ein gjerne må lese to gongar for å vere sikker: «Stod det verkeleg det?»

Det er først og fremst ein roman som er driven av observasjonsevne. Forfattaren lar ikkje ei setning felle til boka utan at ho er spekka med informasjon om kva personane ser, luktar, høyrer.

Og Hanssen er svært god til å la oss få ta del i opplevinga, for enkelte av oss òg gjennom eigen hugs og erfaring, når veslejenta for eksempel koplar trappeforma i Molles vaskebrett til den same forma i eska med fargestiftar. Som likskapen mellom den gule kjernen i ein prestekrage og ei nålepute. Som når vi les om å finne plastkamelar, hanar og hestar i alle fargar i adventskalenderen, eller å putte brune myntar med elg- og ekornmotiv, eller ein blank med ein hund på, i sparebøssa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement