Musikk
Så stig då i meg einsemd
Med tolkingar av Tor Jonsson fullfører Finn Coren ein trilogi som stadfestar han som ein av dei fremste i norsk tonesetjing.
Finn Coren ser opp.
Foto: Stein J. Øvre
Tor Jonsson skreiv ikkje brukslyrikk, sjølv om han ofte vert nytta som om han gjorde det. At Finn Coren no har laga ei samling tonesetjingar til dikta hans, 75 år etter at han tok livet av seg, kjennest difor særleg vellukka. Betre bruk av Jonssons ord trur eg ikkje ein kan finne. Dette har Coren gjort fleire gonger tidlegare. Særleg kjent er kanskje det snart 30 år gamle William Blake-prosjektet Spring. Fleire vil nok òg hugse fosnavågingen for at han gav heile 35 dikt av Olav H. Hauge eit variert og unikt klangbilete i jubileumsåret 2008. Seinare har han òg teke for seg Jens Bjørneboe.
I 2015 gjekk han bort frå å halde seg til éin forfattarskap og nytta tekstar frå ulike norske og svenske diktarar. Han hadde òg valt seg eit dikt av Jan-Magnus Bruheim, i tillegg til «Ei dagbok for mitt hjarte» av Tor Jonsson. Titteldiktet frå den siste diktsamlinga til Jonsson, utgjeven etter han var død, vert starten på Corens musikalske tilnærming til han.
Det diktet er ikkje med her, for Coren er ikkje ein som gjer ting om att. Men med få unntak er dikta han lyftar fram på dette albumet, derifrå, og sjølvsagt gjort med heilt ulike arrangement som søkjer å finne essensen i teksten, framfor berre å vere ein melodi til ein god tekst. «Å dikte», opningsdiktet frå samlinga, er til dømes tolka med noko ein kan kalle ei nyfiken opplesing mot sirklande pianolinjer, og plassert i siste del av plate to.
Meir resiterande
Sjølv om ein kan høyre denne fullføringa av trilogien om norske diktarar på kva som helst slags strøymeteneste, er Einslege hjarteslag eit album som kjem best til sin rett og kraft når lyden kjem frå ein platespelar. Og det er så mykje musikk at han er spreidd over to LP-ar. Kjensla av Corens høgt-kviskrande, meir resiterande enn syngjande røyst opnar dikta til Jonsson på same vis som Coren har gjort med dei andre poetane han har teke med seg inn i musikkstudioet. Musikken er mangfaldig, slik Coren har for vane.
Poesien til Jonsson er samstundes godt eigna til musikk. Ofte har han få strofer, fire linjer, og visdomen er hogd ut med enderim. Coren nyttar det til fulle i den levande andrelåten «Ufødd Gud», frå Berg ved blått vatn (1946), Jonssons andre samling. Rimtrykket på kyrkjeskrud og fødd Gud vel Coren å gjere til poprock som i ei anna tid hadde vore ein openberr radiohit. Det kunne òg «Lauv i vind» ha vore. «Fossen» har same rastlause grep, der Coren deklamerer framfor eit vassfall av lyd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.