Teater

Røysta er betre enn innhaldet

Røyst er ei pedagogisk og humoristisk soloframsyning med lite nytt og mykje vi har sett eller høyrt før.

Bodil Rørtveit i konglekjole.
Bodil Rørtveit i konglekjole.
Publisert

Songar og komponist Bodil Rørtveit har i produksjonane sine lenge vore oppteken av korleis vi bryt ned den einaste kloden vi har. Denne gongen er det klimakrisa ho vil rette merksemda vår mot. Det gjer ho med song og spel, i ei framsyning som heile tida er i rørsle, og som er meir underhaldande enn tankevekkjande, for vi har høyrt eller lese så mykje av dette tidlegare. Difor får noko av teksten preg av banalitetar. Dette veit vi, men kva så? Ein skal ha vore praktiserande ignorant for ikkje å ha fått med seg dette.

Denne konsertframsyninga er sår og humoristisk, personleg og allmenn. Og røysta, som har gitt tittel til det heile, er både berekraftig og god, anten ho syng utdrag av ei Greta Thunberg-tale («Our house is on fire») eller miljøparagrafen i Grunnlova. Ho syner kor lett det er å ha gode intensjonar, og kor vanskeleg å leve opp til dei. Då er ikkje vegen lang frå Super-Bodil, som først entrar scenen som klodereddar, til Kvardags-Bodil, som det er lett å kjenne seg att i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement