Bok

Robinsonade med kvinneleg vri

Jacqueline Harpmans dystopi er interessant, men monoton.

Jacqueline Harpman (1929–2012) skreiv fleire enn 15 romanar og fekk fleire prisar for forfattarskapen.
Publisert

Romanen Jeg som aldri har kjent menn frå 1995 har nyleg blitt gjenoppdaga og blir no hylla rundt om i verda, ikkje minst av unge på TikTok og Bookstagram. Kanskje matchar innhaldet i boka meir den mørke tida vi lever i no, enn det som var tilfelle på 1990-talet. Eg ser at boka har sterke kvalitetar, men har også nokre innvendingar.

På ein ukjend planet – moglegvis vår eiga jord etter ein omfattande katastrofe – lever førti kvinner innesperra i ein bunker, strengt påpassa av eit nådelaust korps av mannlege vaktarar. Kvinnene veit ikkje meininga med innesperringa, ikkje kor lenge dei har vore der, eller om dei nokon gong slepp ut.

To gonger om dagen blir det bringa inn matvarer som kvinnene sjølve lagar til. Det er den einaste sysselen deira, her finst ikkje noko anna som kan fylle tilværet med meining. Kosten er einsidig, men held liv i dei.

Veslejenta

Midt blant dei vaksne kvinnene lever eit barn, «Veslejenta». Det er ho som fortel soga. Mange av kvinnene hadde familie i det tidlegare livet, ektefellar, jobbar. Veslejenta var lita då ho kom, og veit ikkje om anna liv enn det i bunkeren. Dei vaksne snakkar lite om livet før, det gjer for vondt å minnast.

Veslejenta lærer difor ikkje stort om den røynda som kvinnene trur og håpar framleis må finnast der ute ein plass, eller som i alle fall fanst ein gong. Ho blir tatt vare på av dei andre, men utan kroppskontakt, som er forbode.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement