Bok

Ro vekk uroa

Malurtveien 10 er ein solid og vakker roman om generasjonar som er lenka saman.

Maria Sand er aktuell med roman nummer to.
Maria Sand er aktuell med roman nummer to.
Publisert

Eg har aldri tenkt over at ordet ro er eit homonym, altså at ordet eigentleg er fleire ord med fleire tydingar. Når eg slår opp ordet i ordboka, får eg faktisk heile fem ulike treff. I Maria Sands andre roman er det dette med å finne ro og å ro ein båt som fleire gongar gjentek seg, og kanskje er det nettopp dette meditative ved å bruke årene romanfigurane treng meir av.

Tak etter tak

Teksten krinsar rundt fem generasjonar på ulike stader på Austlandet. Tittelen på romanen er henta frå ei adresse i Bærum der mormora og morfaren til eg-personen Mi bur. Mi er mykje der i barndommen då foreldra hennar, i likskap med fleire i familien, jobbar innan teater og er mykje bortreiste frå leilegheita på Frogner.

I eit nydeleg anslag blir vi tatt med heilt tilbake til 1925 der vi treffer Agnes, oldemor til Mi. Kvar morgon ror ho, i eigen båt, over sjøen, eller havet, som Mjøsa òg blir kalla i romanen, til skulen der ho jobbar og snart skal oppleve eit traume ho aldri kjem over: at ein av elevane hennar dør i skulegarden. Dotter til Agnes, eller mormor til Mi, skal òg oppleve eit liknande traume.

I tekstens notid finn vi Mi, som bur i Svartskog med mann og barn og strevar med det småbarnsmødrer flest strevar med, men òg med meir enn det. I likskap med dei andre kvinnene i familien er ho svært engsteleg av seg; det er som om det ligg i DNA-koden, saman med ei nyve i panna og ein søvnløyse som får dei til å ligge og sjå i taket, «tak etter tak».

Alt heng saman

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement