Resirkulert propaganda
Med koronakrisa er plakatane attende. Likesom under krigen møter vi mengder av plakatar i det offentlege rommet. Bodskapane er enkle, og det visuelle formspråket er lettfatteleg og ikkje til å misforstå.
Foto: Glenn Grohe, 1942
Mange kunstnarar har fanga opp likskapane mellom desse nye plakatane og propaganda frå krigen og laga sine eigne versjonar. Eit eksempel er det grafiske verket «Reality Got You Down? Why Not Try a Conspiracy Theory?» av Fernando Reza. Han har teke utgangspunkt i propagandaplakaten «He’s Watching You» (1942) av amerikanaren Glenn Grohe. Under ein karakteristisk tysk hjelm gløder eit par auge mot oss. Store delar av propagandaen frå andre verdskrig handla nettopp om at du må passe munnen din, kven som helst kan vere spion.
Hemmeleg informasjon kan minne om smitte som spreier dødelege konsekvensar.
Med enkle grep har Reza omgjort den ikoniske plakaten frå 1942 til ei latterleggjering av ein av dei mange konspirasjonsteoriane som florerer for tida. Krigshjelmen er erstatta med ein hatt av aluminiumsfolie, og han har teikna inn eit fly som slepper ut virus som vert aktivert av 5G-nettet. Her tek kunstnaren tak i ein reell situasjon i samtida: Fleire stader har 5G-master blir øydelagde av sinte og redde menneske som faktisk trur på slike bisarre påstandar. Kaotiske tider gir grobotn for både skadelege konspirasjonsteoriar og slagferdige motsvar frå kunstnarar.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Mange kunstnarar har fanga opp likskapane mellom desse nye plakatane og propaganda frå krigen og laga sine eigne versjonar. Eit eksempel er det grafiske verket «Reality Got You Down? Why Not Try a Conspiracy Theory?» av Fernando Reza. Han har teke utgangspunkt i propagandaplakaten «He’s Watching You» (1942) av amerikanaren Glenn Grohe. Under ein karakteristisk tysk hjelm gløder eit par auge mot oss. Store delar av propagandaen frå andre verdskrig handla nettopp om at du må passe munnen din, kven som helst kan vere spion.
Hemmeleg informasjon kan minne om smitte som spreier dødelege konsekvensar.
Med enkle grep har Reza omgjort den ikoniske plakaten frå 1942 til ei latterleggjering av ein av dei mange konspirasjonsteoriane som florerer for tida. Krigshjelmen er erstatta med ein hatt av aluminiumsfolie, og han har teikna inn eit fly som slepper ut virus som vert aktivert av 5G-nettet. Her tek kunstnaren tak i ein reell situasjon i samtida: Fleire stader har 5G-master blir øydelagde av sinte og redde menneske som faktisk trur på slike bisarre påstandar. Kaotiske tider gir grobotn for både skadelege konspirasjonsteoriar og slagferdige motsvar frå kunstnarar.
Eva Furseth
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.