Musikk
Refleksjonen dominerer
Andreas Haddeland Trio inviterer lydarane tett på.
I trioen har Anders Haddeland (midten) med seg Ulrik Ibsen Thorsrud og Lars Tormod Jenset.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Andreas Haddeland driv vekselbruk mellom denne trioen og den meir folkemusikkorienterte trioen Østerlide. Dette er den tredje plata til jazztrioen, ei plate som dokumenterer at dei har utvikla ein tydeleg, men samansett identitet.
Estuar er ein brei, traktforma elvemunning der tidvatnet trengjer inn, særleg karakteristisk for område med stor tidvasskilnad, ifylgje Wikipedia.
Rørsle
I presseskrivet til plata er vatn i rørsle brukt som ei samling metaforar for å skildra musikken på plata. I elvemunningen kan straumane vera skiftande og ta mange former, men dei er ikkje på sitt sterkaste og stridaste.
Dei fem låtane til Haddeland er i alle fall varierte, frå den rocka «Estuar» til skjøre og meditative «Ysme», og trioen tek seg tid til å utforska materiale gjennom fine arrangementsdetaljar og improvisatorisk potensial.
Sjølv om både Haddeland og Jenset byr på interessante kor, førstnemnde i særleg grad på «Trirøding» og tittelkuttet og Jenset med boge i «Cumulus», så er det den kollektive utforskinga/improvisasjonen som fascinerer mest. Den slentrande «Skrøne» er eit perfekt døme og så absolutt høgdepunktet på plata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.