Viser
Protestviser med glimt i auga
Johan Egdetveit turnerer klisjeane med utsøkt eleganse.
Johan Egdetveit laga nidviser under pandemien.
Foto: Henriette Heimdal
Ein grå eminense, ein trufast medspelar og ein krumtapp i musikklivet i Stavanger. Alle desse karakteristikkane passar på Johan Egdetveit med slektsband til Vossestrand. I koronatida dukka det opp videoar med protestviser framførte av Egdetveit, produserte på enklaste vis, men med ein satirisk brodd og med uhemma bruk av musikalske klisjear frå det trekkspeldominerte gamaldansuniverset.
Det var heilt sikkert ikkje berre eg som blei teken på senga. Dette repertoaret resulterte i framsyninga Songar frå underklassen med urpremiere på Folken 15. november 2022.
No er desse 14 protest-/nidvisene utgjevne med eit kremlag av stavangerbaserte musikarar og innspelt på framifrå vis hjå den tidlegare NRK-lydteknikar Per Ravnaas. Egdetveit har utstyrt seg med eit alter ego som vokalist. Vokaluttrykket har ein snert som passar godt til bodskapen, men samstundes er det ein kombinasjon av jovialitet og høgtid i framføringa som skapar ein slags ambivalens. Det er eit snev av salige Åge Samuelsen i framføringane til Egdetveit.
I tekstane får mellom andre Putin, Røkke, laksebaronar og cruisenæringa passet påskrive, men aldri slik at det blir reinhekla moralisme. Raljeringa over nytalen som pregar det offentlege ordskiftet, er tema i reggaen «Nytalens tid» – «Me lever i nytalens tid/ Du har di sanning/ Eg har mi/ Angrep er det beste forsvar/ Me har forsvars-industri/ Nytalens tid er ikkje forbi.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.