Musikk

Progressiv musikk om personlege so(r)ger

Heimen lagar hypnotisk kunstpop med tekstar om fornorskingspolitikken.

Publisert

Heimen er eit Tromsø- og Alta-basert band. Musikken, som dei kallar kunstpop, inneheld element frå pop, tradisjonsmusikk og progrock blanda saman med eit aldri så lite islett jazzinspirasjon. Frontfigur Kari Heimen er både trommis og vokalist og kallar seg ein fornorska same. På plata Historier – Vi hentes hjem (eller på samisk Muitalusat – Mii vižžot ruoktot), som kjem ut i dag, 29. oktober, syng ho på norsk og joikar på samisk.

Frode Fjellheim, kjend frå det eksperimentelle jazz-joik-bandet Transjoik, bidreg òg med joik på fire av songane. Bass- og gitarspelet er vove saman med frontfigur Kari Heimens trommespel, norskspråklege song og samiske joik til eit omkransande teppe av lune oddetakter – sjølv når det er utfordrande å telje pulsen, læt det naturleg og stilreint.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement