Bok
Problemet med draumar
Patti Smiths skildring om oppløysingstider er gripande.
Patti Smith.
Foto: Jesse Dittmar
Få eigenskapar me meiner å sjå i ymse fenomen har ein absoluttverdi i seg sjølve, dei er tidt knytte til oss. I den nye boka si skildrar Patti Smith ting og hendingar slik ho opplever dei, i samanhengar som få andre ville ha fått auge på. Såleis vert ho ein reiseleiar i teksten, og det høver bra, for ho reiser mykje, og summen av reisene er ein nedtur for Patti Smith, men undervegs er det mange oppturar for lesaren.
Boka, eit personleg skriftstykke om liv og død, byrjar den første dagen i 2016, nokre veker før det kinesiske nyttåret tek til. To av dei næraste vennene til Patti Smith er alvorleg sjuke, og ho gjer seg mange interessante tankar om dette. Ho glir inn og ut av det røynlege, for mykje av tekstmassen er henta frå Drøymeland, eit land ho ikkje nemner, men tidt reiser til, når ho ikkje siktar seg inn på andre nesten like eksotiske destinasjonar, som minne, samtid eller ambisjon, til dømes Uluru, Ayers Rock, eller ei altertavle i Gent. Om alt dette skriv ho presist, kjenslevart og effektivt, så det er ei lise å lesa.
Dei gamle unge
Blandinga av draum og røynd plasserer teksten i forlenginga av psykedelisk rock for femti år sidan, og forfattaren i den sjeldsynte kategorien dei gamle unge, eit lite utval av sekstiåttarar med adresselaus, eklektisk religiøsitet, like eklektisk kulturforståing og ei haldning til sjel og ånd som var det tale om konkrete storleikar. Såleis kommuniserer Patti Smith tydelegvis immaterielt med ein kar som heiter Ernest, og ho har opplevingar av det ekstraordinære ho sansar som om det kjem frå objekta sjølve. Men ein skal vel ikkje klandra ein person med initial som PS for å ha lyst til å leggja til eitkvart no og då.
Sidan eg sjølv sjeldan, ein eufemisme for aldri, analyserer daglege observasjonar fenomenologisk, kan eg ikkje krevja at Patti Smith drøfter kva ein ting, til dømes ei altertavle frå Gent, er i seg sjølv, fri for all kontekst, og som innvending mot boka er ein slik merknad verdilaus, då forfattaren just har som ambisjon å skildra tankane og kjenslene sine gjennom apens år, der bakteppet er ei vond røynd, med sjukdom og død i det private og ein kaotisk amerikansk valkamp i det offentlege, ei hending som gjer boktittelen dobbelt treffande. Dessutan er vel det å verta alterert og eksaltert ved altertavla rekna for gentilt i Gent.
Draum og mareritt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.