Musikk

Prins Oldham

Me har ingenting me skulle ha sagt om dei kunstnarlege vala til Will Oldham. Og godt er det.

Will Oldham / Bonnie «Prince» Billy / Palace Music har betre låtar enn solbriller. Legg merke til Palace-merket på kleda. Alt heng saman.
Publisert Sist oppdatert

Kanye West-låten «Can’t tell me nothing» frå 2007 oppsummerer mykje av livet til den omstridde Chicago-rapparen. Her reflekterer han over livsreisa si, med anger over val og spenning mellom ytre rikdom og indre uro. Samstundes uttrykkjer han trass, han insisterer på å følgje sin eigen veg, uansett kva andre meiner.

Den offisielle musikkvideoen er spelt inn i ein uttørka innsjø i Mojave-ørkenen med berre West i kamera. Men i juli 2007 la han ut ein alternativ musikkvideo på nettsida si, frå garden til Zach Galifianakis. Komikaren mimar blant traktor og høy, og peiker på kyr når han kjem til «hoes», som altså er eit ikkje særleg hyggeleg engelsk omgrep for kvinner.

Det kunne vore ein parodi. Det er det òg.

Samstundes er det seriøs tulling med form og innhald, som gjer at Will Oldham sklir heilt naturleg inn i det. Han dansar passe teit på versa og mimar rart på refrenget. I eit kjapt klipp på slutten har han ordet «success» skrive i panna.

På same vis som Kanye West har søkt suksess, har Will Oldham søkt å unngå det. Fyrst med å gje ut musikk i ulike namnevariasjonar av «Palace» på 1990-talet, før han landa på pseudonymet Bonnie «Prince» Billy rett før år 2000. Flogvitet meiner at det er betre for både han og publikum å ta omsyn til eit kunstnarnamn. Då veit ein aldri kva som kan presse seg fram.

31 studioalbum

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement