Påkosta postapokalypse

Oppfylgjaren Peninsula er ein påtrengande aktuell og konvensjonell zombiefilm.

Gang Dong-won og Lee Jung-hyun i dei leiande rollene fungerer som vakre folk som kan slå frå seg.
Gang Dong-won og Lee Jung-hyun i dei leiande rollene fungerer som vakre folk som kan slå frå seg.
Publisert

Fire år etter katastrofen i suksessen Train to Busan ligg Sør-Korea audt. I dagsljos jaktar snøggfota zombiar på dei få usmitta som held stand på halvøya. Jung Suk (Gang) og eit par andre som nyttelaust ventar på flyktningstatus i Hongkong, tar eit risikabelt oppdrag. Dei skal snike seg tilbake til Inchon om natta etter millionar av dollar som er forlatne i ein lastebil, utan å bli bitne av hordane.

Bil for tog

Postapokalyptiske filmar kjennest i overkant relevante om dagen. Den første reaksjonen på pandemi er rasisme. Så skor lugubre profitørar seg på flyktningar. Premissen sit, men detaljar blir forklart vel mykje. Ein koseleg familie med Min Jung (Lee), to døtrer og ein koseleg bestefar representerer samhaldet og gode verdiar. Krigerske militsar kan vere ein verre trussel enn zombiar, og den frykta Tredjetroppen er ein bøling menn med klare islett av Mad Max, spesielt når dei kjem seg bak rattet.

Alle actionelementa er på plass, med kulehagl, nevekampar og biljakter. Bilane har heilt erstatta det kollektive toget der smitten spreidde seg i førre film. Omgjevnader og koreografi ber preg av profesjonelt handverk og god finansiering. At zombiane i dette universet er sjukeleg opptekne av ljos, gjer at det meste skjer om natta. I mørket har bluss og rakettar god effekt. Eg er svak for fargerike neonljos, til dømes i blinkande radiostyrte bilar som åte.

Strykande sal

Populære Gang Dong-won og Lee Jung-hyun i dei leiande rollene fungerer som vakre folk som kan slå frå seg. Ein heil del andre har ordre om å skjere store grimasar så ofte som det lèt seg gjere. Heldigvis forsvinn dei slette skodespelarane frå USA fort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement