På veg mot livetIndiestjerna Greta Gerwig tek godt grep om eigen regi.Komedie / DramaRegi: Greta Gerwig

Indiestjerna Greta Gerwig tek godt grep om eigen regi.

Christine (Ronan) som kallar seg Lady Bird, vil ut og oppleve noko.
Christine (Ronan) som kallar seg Lady Bird, vil ut og oppleve noko.
Publisert

Christine (Ronan) kallar seg Lady Bird og går siste året på vidaregåande skule i Sacramento. Ho kranglar støtt med mor si (Metcalf), medan den konfliktsky faren (Letts) støtt stør dottera. På skulen heng Lady Bird med venninna Julie, forelskar seg, keiar seg og viser null fagleg interesse utover draumen om ei framtid på universitet i den kulturelle hovudstaden New York. Ho vil oppleve noko.

Mødrer og døtrer

Lady Bird er først og fremst ei god gamaldags oppveksthistorie. Som tenåringar flest er Lady Bird skråsikker på så mangt før ho i neste augneblink utbasunerer noko heilt anna. Saoirse Ronan formidlar sjølvsikker skjørskap med sjølvsagt overtyding. Nervar og aggresjon tyt ut. Ho attrår både rikdom og kulturell kapital. Kjærleik og sex er heller ikkje noko å kimse av. Mora har ein typisk kritisk tone mot dottera som nok blir krassare av doble vakter i helsevesenet. Ein merkar at manus har heitt «Mødrer og døtrer».

Greta Gerwig er ein røynd manusskribent og har arbeidd godt med manus på den første filmen ho regisserer aleine. Ho fortel ei historie som har likskapar med eigen oppvekst i Sacramento. Det kjennest som om Lady Bird er Greta før dei mange rollene ho har spelt som intellektuell indiestjerne med Joe Swanberg og Noah Baumbach i New York.

God stemning

Rollelista er rik. Laurie Metcalf som mora er tindrande og trugande. Timothée Chalamet parodierer den pretensiøst intellektuelle rolla frå Call Me by Your Name. Lucas Hedges er ein strigla, skjør og katolsk variant av rolla si i Manchester by the Sea. Stephen Henderson er ein hjarteknusar som Fader Leviatch, medan Beanie Feldstein som venninna og Lois Smith som Søster Sarah Joan begge sjarmerer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement