På jakt etter sanningaDet er driv over Jacobsens særs lesarvenlege framstilling.RomanRoy Jacobsen:Rigels øyne

Det er driv over Jacobsens særs lesarvenlege framstilling.

Roy Jacobsen har så langt gjeve ut tre bøker om Barrøy-folket.
Roy Jacobsen har så langt gjeve ut tre bøker om Barrøy-folket.Roy Jacobsen har så langt gjeve ut tre bøker om Barrøy-folket.
Publisert

Roman

Kva er løgn, og kva er sanning? Kva for rykte skal ein tru på? Kven skal ein stole på når det gjeld forteljingane om det som har gått føre seg under krigen? For i det fyrste etterkrigsåret er det ikkje samhald, oppattbygging og tru på framtida som dominerer i det norske samfunnet. Iallfall er det ikkje slik i Rigels øyne, Roy Jacobsens nye roman, det tredje bandet i serien om folket frå Barrøy, med den unge mora Ingrid Marie Barrøy som hovudperson. Nei, det er mistankar og forteiing som rår. Folk har slett ikkje alle vore heroiske under krigen, dei har tuska til seg det dei kunne, og tilpassa seg okkupantane og okkupasjonsforhold etter beste evne. Mange har løyndommar dei ikkje vil fram med, og vil ikkje at nokon skal gå dei etter i saumane.

Alternativt bilete

Det er såleis eit sårt tiltrengt alternativt bilete av Noreg i det fyrste etterkrigsåret Jacobsen rissar opp. Men sjølvsagt finst det òg truverdige og ærlege menneske, og vi får òg glimt inn i det Noreg som skal reise seg frå ruinane, såleis frå Skorovas gruver i Nord-Trøndelag og den infrastrukturen som austeuropeiske krigsfangar stod bak langs den berykta Blodvegen, det som har vorte Nordlandsbanen langs E6 i dag.

Den som las førre boka i serien, Hvitt hav frå 2015, vil ikkje ha problem med å forstå kvifor Ingrid Marie kastar seg ut i det vågale prosjektet sitt, ei reise som tek henne både til svenskegrensa og sørover i landet, med småungen Kaja bunden fast på magen og med sekk på ryggen. Kjærleiken er drivkrafta, ho leitar etter den russiske krigsfangen Alexander, far til barnet hennar, som reiste frå Barrøy og heimover då krigen var slutt. Den driftige Ingrid Marie forelska seg i russaren som vart skylt i land etter skipskatastrofen utanfor Ros-øya på Helgeland i 1944, då «Rigel», det tyske fangeskipet, vart senka og om lag 2500 mann omkom, dei aller fleste russiske krigsfangar. Ingrid Marie følgjer altså i fotefara til kjærasten, inn til Rørvik, inn mot Skorovas og flyktningrutene til Sverige, så sørover langs grensa før ho hamnar i ein fangeleir på det indre Austlandet, der det skal vere russarar.

Handling med driv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement