Bok

Overtydande

Ane Barmen skriv med snert og humor om vanskelege familierelasjonar.

Humor og samfunnssatire er viktige innslag hos Ane Barmen.
Humor og samfunnssatire er viktige innslag hos Ane Barmen.
Publisert

Ane Barmen (f. 1984) debuterte med ungdomsromanen Draumar betyr ingenting i 2019, ein debut som enda med Bragepris i kategorien barne- og ungdomslitteratur, og om ikkje dette var nok; boka blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Med ein slik start er forventningane høge når ho no er ute med sin første roman for vaksne. Og la det vere sagt med det same: Ho innfrir så absolutt.

Pappa var nesten på Woodstock byr på eit sorgmuntert møte med ein far og ei dotter som vekslar om å føre ordet i annakvart kapittel. Faren Theis er pensjonist, tidlegare sjømann, i overkant glad i billeg øl og billeg sprit, skild og utan eit sosialt nettverk som kan halde han oppreist, og når han må avlive bikkja si, ber det fort utforbakke med han, sjølv om han motvillig blir med i eit mannskor for gamle gubbar, han finn ei litt rufsete dame, og han har sporadisk kontakt med dottera Ruby. Han liker seg best på puben, der han kan slå om seg med historier frå ungdommen og tida til sjøs, mens plikter og ansvar er noko han har eit nokså romsleg forhold til. Han har alltid ei unnskyldning for ikkje å stille opp, og dette sjølvbedraget blir den store livsløgna hans.

Livmora

Dottera Ruby, oppkalla etter kvinna i Stones-klassikaren «Ruby Tuesday», er musikklærar i ungdomsskolen og sambuar med Bjørnar. Dei slit med å få barn, og dette stressar dei, når venner og kollegaer får den eine ungen etter den andre. Her leverer Barmen snerten og poengtert harselas over ulike kvinneforum på nettet der alt handlar om graviditet, og ho har også eit stikk til Sylvi Listhaug: «Livmora mi er Sylvi Listhaug. Livmora mi har ålesundsdialekt og seier ‘Steng grensene, her får ingen kome og slå seg ned. Vi har den strengaste livmora i Europa. Livmora vår skal vere så lite attraktiv som mogleg å slå seg ned i. Vi må hjelpe sæden i nærområda i staden.’»

Humoren og det samfunnssatiriske er viktige innslag hos Barmen, og ho skriv seg opp mot andre kvinnelege samtidsforfattarar som Nina Lykke, Marit Eikemo, Agnes Ravatn og Kjersti Rorgemoen. Samtidig er det mange populærkulturelle referansar til film og TV-seriar som Friends og Love Actually, ja, ho finn også plass til Margit Sandemos Sagaen om isfolket.

Det heile er kvardagsnært og lett å kjenne seg igjen i, dialogane er svært gode og avslørande, og pendlinga mellom satire og sentimentalitet løftar teksten på overtydande vis. Opningskapittelet der Theis må til dyrlegen for å avlive bikkja si, er ein innertiar av psykologisk innsikt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement