Musikk
Oppgjerstrong
Rangströms symfoniske vilje overgår stundom evna.
Den russiske dirigenten Mikhail Jurovskij (1945–2022).
Foto: Anders Kratz
Ture Rangström var ein utprega litterær komponist. Mange av dei 300 kunstsongane hans har sjølvskriven poesi, og instrumentalmusikken var gjerne inspirert av spesifikk litteratur eller er dedisert til forfattarar. Det fyrste verket på den fyrste av dei fire CD-ane i denne samleinnspelinga ber såleis namnet Dithyramb, og det andre har undertittelen August Strindberg in memoriam. I dag er han kanskje mest kjend for den svenske nasjonaloperaen Kronbruden frå 1915, som byggjer på Strindbergs skodespel med same namn.
Her får me Rangströms komplette symfoniske musikk og kammermusikk. Dei eldste innspelingane er eit kvart hundreår gamle og har tidlegare kome ut som einskildalbum på CPO, eit tysk plateselskap som skal ha ære for å gje ut skandinavisk musikk som sjeldan er å høyra, mellom anna av norske komponistar som Christian Sinding og David Monrad Johansen. Norrköpings Symfoniorkester spelar det symfoniske under leiing av russaren Mikhail Jurovskij.
Viskøst
Jurovskij, som døydde i 2022, var ikkje berre teknisk suveren som dirigent. Musiseringsstilen hans spende også frå det megalomane til – om me skal borga eit uttrykk frå ein av våre store diktarar – «blodets hvisken og benpibernes bøn». Slik sett var han vel den ideelle Rangström-tolkaren, for dette er ein komponist som ikkje sparte på verkemidla.
Etter å ha lytta gjennom CD-ane tenkjer eg at han nok hadde tent på litt meir sparsemd. For mange og store uttrykkskontrastar fører stundom til ein slags seig monotoni, til dømes i fyrstesatsen «Sagan» i Symfoni nr. 2 i d-moll, «Mitt land».
Treffande er aukenamnet «Sturm und Drangström» som kollegaer gav unge Rangström – med referanse til geniepoken i tysk litteratur og drama der det gjennom originalitet og kraft blei teke eit oppgjer med rasjonaliteten i opplysningstida. Klassiske disiplinar som kontrapunkt interesserte han lite. Forma er alltid innhaldet underlegen, og i dei svakare verka overgår den symfoniske viljen hans evne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.