Musikk

Omikronelectronica

100% Electronicas 360-graders internettkonsertar skapar ei kjensle av inkludering over avstand.

Publisert

Koronapandemien har gjort oss endå meir vane med maskinelt mediert kultur enn vi alt var. Medan dei store strøymetenestene held fram med å levere passiv underhaldning i TV-tradisjonen, meistrar dei kreative multikunstnarane kring vaporwave-labelen 100% Electronica å bruke teknologi til å mane fram ein frigjerande aura av fellesskap.

Under fana Virtual Utopia har dei servert 360-graders live-hendingar med ein forfriskande gjer-det-sjølv-kvalitet sidan koronapandemiens tidlege dagar. Den femte i rekka blei strøymd på YouTube førre helg, og gildet kan sjåast i reprise kvar og når som helst, med eller utan VR-briller.

Virtual Utopia 5 baud på panoramiske musikkvideoar og live-framføringar med artistane Neggy Gemmy, Adam Kane, Matt Watson og Auragraph. I musikkvideoen til «California» svevde Neggy Gemmy rundt i ein vektlaus tilstand som passa godt til den luftige musikken. Dei hurtige rytmane, den lettbeinte rappen og dei humørfylte popkulturreferansane i Kane og Watsons «I’m Sick» bruste over av eit frimod som det gjorde godt å late seg smitte av i desse elles lite morosame omikronkoronatider.

Innimellom innslaga var det frilynt sofaprat med primus motor for labelen, George Clanton, og til slutt gjorde Auragraph eit energisk live-sett. Til lyden av samplerar, modulærsynthar og tjukke og gode synthbassliner kunne sjåarane fylle det virtuelle dansegolvet med 90- og 00-talsnostalgiske digitale avatarar ved hjelp av kommandoar i live-chatten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement