Musikk

Omarbeidingar

Nevermind og Phantasms Bach-arrangement har ulik slitestyrke.

Det franske barokkensemblet Nevermind blei stifta i 2013.
Publisert

Den Paris-baserte barokkvartetten Nevermind har denne våren og sommaren eit tett turnéprogram med konsertar på dei store festivalane i Europa og USA. Tidlegare i juni spelte dei i Håkonshallen under Festspillene i Bergen, og førre veke gav dei same konsert under Bachfest Leipzig.

Repertoaret var her identisk med det på det nye dobbeltalbumet: arrangementet deira av Johann Sebastian Bachs (1685–1750) klaververk «Golbergvariasjonane», BWV 988, ei samling med 30 variasjonar over eitt tema, som blei utgjeven i Leipzig 1741.

Subjektivt

Innspelinga er ganske lik det eg høyrde live. Ein skilnad er at dei fine melodiske ornamenta ensembleleiaren Jean Rondeau improviserte i cembaloens høge register på scena, er tona ned på plata. Den spontant verkande musiseringa kjem klårt fram, for det er ein ungdommeleg optimisme ved Neverminds tilnærmingsmåte – og eit visst overmot. Kjenslesubjektiviteten kjem nemleg stundom i konflikt med substansen i komposisjonane, og høyrer ein tydeleg etter, kan ein ikkje la vera å leggja merke til somme manierismar, særleg i tempovala.

Fleire satsar – til dømes variasjon nr. 15 – er spelte så sakte at harmoniane blir som sirup. Også i dei snøgge satsane tenderer ensemblet dann og vann til det ekstreme hin vegen, men utan at det kling unaturleg.

Gambegruppe

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement