Bok
Om mennesket, mest på vondt
Hermann Ungar skreiv beiske tekstar utan medkjensle og sosial ornamentikk.
Så langt er tre av bøkene til Hermann Ungar (1893–1929) omsette til norsk.Så langt er tre av bøkene til Hermann Ungar (1893–1929) omsette til norsk.
Foto: WikipediaFoto: Wikipedia
Forteljingar
Tidt høyrer ein ordet menneskeleg nytta som synonym for nestekjærleik og offervilje, men dette er, som dei fleste nok veit, ikkje heilt korrekt. I boka Gutter og mordere – og andre fortellinger av Hermann Ungar, som delte både språk, generasjon, nasjonalitet og etnisk bakgrunn med Franz Kafka, er det helst andre sider av det menneskelege som kjem i fokus. Den første delen, med to lange forteljingar som utgjorde debutboka til forfattaren, skildrar det vonde i mennesket, hjå individ som sjølve ikkje har opplevd noka form for kjærleik.
Stringent
I den første forteljinga møter me ein mann som skriv om oppveksten sin, på ein kombinert barne- og aldersheim. Der fanst ei tenestejente, den mutte og truleg stumme Stasinka, som vart objekt for dei gryande seksuelle fantasiane til den unge guten. Utan trege skriv han om brotsverk han gjorde, drap, tjuveri og freistnad på valdtekt, og framstillinga er nøktern i ein slik grad at ein undrar seg meir over at otten for følgjene vantar, enn over skorten på medkjensle. Handlingane får då heller ingen konsekvensar for hovudpersonen, han stel seg til velstand, han kjem til Amerika og gjer det godt der, og det er kanskje det mest plausible ved heile forteljinga. Om ein vil (og det vil ein), kan ein lesa denne forteljinga som ein tidleg kritikk av menneskesynet som kan sikra ein suksess i The land of filth and money, eller kva dei no kallar landet sitt der vest. Teksten er stringent og gjennomtenkt, om det heile enn løyser seg litt opp mot slutten, noko Bernhard Ellefsen i det informative og gode etterordet skriv at også Thomas Mann kommenterte i si tid.
I den andre lange forteljinga møter me også ein kar som skildrar oppveksten sin, fram til tidspunktet der han vart drapsmann. Han har ikkje møtt mykje kjærleik og er ikkje viljug til å gje frå seg noko av det slaget heller. Det verste i livet hans var og er at han ikkje kunne leva opp til forventningane han hadde til seg sjølv. Han hatar og vanvyrder all misvekst og veikskap, ikkje minst den han finn i seg sjølv, og dette hatet rettar han utetter ved mellom anna å pina dyr, og innetter ved askese og sjølvpining. Også denne forteljinga er skriven konsekvent og effektivt. Han som skriv, gjer det ikkje for å bortforklara noko, her finst ingen ornamentikk, korkje språkleg eller sosialt, eller, med andre ord: Han bryr seg ikkje om slikt me no kallar å vera politisk korrekt.
Skisseprega
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.