Bok
Om dei vaksne i namnet
Nina Lykke skriv sterkt og klokt om å forstå folk.
Nina Lykke har skrive fleire romanar sidan debuten i 2010. Bøkene hennar er omsette til 20 språk.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Kvar er dei vaksne, og kven er dei? Det kan då umogleg vera oss? Den kjensla får ein no og då, som om læraren har gått ut av klasserommet og me reint mellombels har fått ansvar for noko me ikkje rår med. Så vert alt kaotisk, og då sit me der og ventar på læraren, på Godot, på Jesus og far og mor, men dei kjem ikkje, det er opp til oss å agera som vaksne, til det er vår tur å gå ut or rommet.
I den nye romanen til Nina Lykke møter me samlivsterapeuten Ida som ikkje har hatt berre suksess i sine eigne relasjonar. Ho hadde eit komplisert tilhøve til mora, der kommunikasjonen aldri var liketil. Ord ho sa i beste meining, vart tolka i verste, som om ho hadde løynde og vondskapsfulle meiningar attom kvardagslege ord.
Folk som er slik, er svært slitsame å ha kontakt med, ein kan i grunnen ikkje seie noko som helst til dei, men teier ein, er det like ille, for togna er jo talande. På engelsk har me uttrykket face value, altså at eitkvart er det det ser ut til å vera, men somme folk leitar alltid etter bomba i lasterommet.
Indre dialog
No er mora død, men ho har på eit vis flytta inn i hovudet til Ida, som er i ein varig indre dialog med ho. Også i andre retningar har Ida relasjonelle problem, ho har to born, som no er såkalla vaksne, Sigurd og Ragnhild. Dottera kan ho kommunisera greitt med, men ikkje sonen.
Me får sjå glimt frå barndomen hans, og ungdomstida, der han har det bra, han har drag på damene og presenterer den eine erobringa etter den andre, til han ein dag møter Silje, som tømmer gift i øyro på han. Då har han brått hatt ein forferdeleg oppvekst, han bryt med mora utan å vera konkret om kva det er som er gale, og sjølve spørsmålet om konkrete årsaker er visst det mest sårande av alt. Ida står attende som eit spørjeteikn, ho får ikkje ha kontakt med sonen, og heller ikkje barneborna, når dei kjem, men ho veit ikkje kvifor, det einaste ho veit heilt sikkert, er at Silje, utan påviseleg årsak, hatar ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.