Bok

Om å skape forståing på tvers av grenser

Spørsmålet er om bokideen om å reise og oppsøke stader i Noreg knytte til Nansenstraße, Framstraße, Stalheimstraße og så vidare er god nok.

Publisert

Sakprosa

Det er ikkje lett å skrive reiseskildring. For det første skal sjangeren makte å kombinere sjølve reiseskildringa med essayistiske refleksjonar og funderingar. For det andre er lista for sjangeren lagd høgt om ein tenkjer på for eksempel Aasmund Olavsson Vinje eller John Steinbeck. Begge desse forfattarane fungerer som referansepunkt i boka Norwegerstraße av Jørgen Norheim og Alexander Häusser, og tidvis greier dei to forfattarane å skrive på ein måte som minner om førebileta. Grunnideen i reiseboka deira er å ta utgangspunkt i dei «norske» gatenamna i Berlin, for så på meir eller mindre tilfeldig og essayistisk vis å la reisa i Noreg svinse innom stader som er knytte til desse namna. Namnet Bjørnsonstraße frå Pankow i Berlin, for eksempel, kan såleis føre dei to kompisane til Bjørnsons gard Aulestad.

Tanken om å undersøke dei historiske røtene til gatenamn er i og for seg ikkje dum: Gatenamn heng saman med si tid, og det er knapt tilfeldig at dei «norske» gatenamna i Berlin i hovudsak oppstår i tida til keisar Vilhelm 2., som sverma for Noreg som knapt nokon før eller sidan. Det er lovande når boka opnar med ein intensjon om å avdekke slike lag av historie som nedfeller seg i tilsynelatande uviktige detaljar. Spørsmålet er om bokideen om å reise og oppsøke stader i Noreg knytte til Nansenstraße, Framstraße, Stalheimstraße og så vidare er like god. Mistanken melder seg raskt om at det blir vel myke kompistur, kaffi og vaflar og mindre av dei kvalitetane som utgjer god essayistisk reiselitteratur. Dialogen mellom dei to reisande når sjeldan store høgder.

Kulturell dialog

Likevel manglar det ikkje på oppløftande tendensar. Kanskje er det til sist eit velfundert grep at dialogen i bilen er knapp.

Det er nemleg ikkje her dei kulturhistoriske refleksjonane får utspele seg, men i innmonterte tekstar skrivne av dei to forfattarane. Slik oppstår ei spenning mellom det Norheim og Häusser snakkar om i bilen, det dei ser og opplever der, og det dei eigentleg tenkjer og skriv. Dei to har rett nok ein jovial og hyggeleg tone, men tekstane deira avslører to svært forskjellige drivkrefter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement