Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Olav H. Hauge-dagbøkene: Bibelen er det sentrale verk for oss europearar, og me kan ikkje forstå vår soge, vår kultur, vår tenkjing, vår kunst utan å granska Bibelen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2004
20241115
2004
20241115

21. april 1952

Bibelen. Du leitar etter visdom, – du meiner då det, endå det er eit spursmål um du meiner noko ærleg med leitingi og granskingi di – men før eller seinare lyt du gjenom Bibelen. Du lyt i alle fall i kast med denne boki og prøva forstå etter fatig evne.

Bibelen er det sentrale verk for oss europearar, og me kan ikkje forstå vår soge, vår kultur, vår tenkjing, vår kunst utan å granska Bibelen, og prøva gjera oss upp ei meining kva grunntankar han ber fram.

Herrens bod, den strenge formaning um å søkja det åndelege tarv og den sanne visdom, gjenom heile Det gamle testamentet, og til me fær lovnaden og den endelege løysing med Kristus. Heile boki peikar fram mot han, Gud og sant menneske i liv og død.

No, dette var dei store linone. Men me treng ikkje ta heile boki for å ha nytte av lesnaden. Me kan velja oss ein minder bolk, og gjera framgang i ånd og vit. Og henta kraft.

Ta til dømes «Salomons ordtøke». Eg for min part har lenge nok med dei, for denne mannen har vore vis. Og eg fester meg serleg med alt snakket um dåren og hans liv. For eg er sjølv dåren. Er og vert. Dåren.

Salomon segjer meg sanningi. Som livet alt har gjort mange gonger. – Men ein freistar ljuga det burt og løyna det, både for seg sjølv og andre. Dåren har berre lyte, og hans liv er fåfengd, han haustar armod og vesaldom, og er til sorg og skam for seg sjølv og andre. Dåren tarv ikkje pengar, for han skynar seg ikkje på å bruka dei; ikkje tarv han ære heller, segjer Salomon.

Og dei gamle, som var meir kjende i Bibelen og difor nærare sanningi, kalla visse hus dårehus. Der hadde dei dårane. No vert slike hus kalla sjukehus. Fint skal det vera.

Men det er lygn. For dei gamle gjekk djupare enn dei moderne psykologar, spurde etter årsakene. Dåren og hans liv og ferd er det eg skal granska. Sanningi. Og ho er altid skræmeleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis