Musikk

Naudsynt musikk i desse tider

Det blir aldri feil med ein klassisk saksofontrio.

Tore Brunborg (t.h.) har med seg bassisten Bardur Reinert Poulsen og trommeslagaren Veslemøy Narvesen i trioen sin.
Publisert Sist oppdatert

Saksofonisten Tore Brunborg er kjend frå ei rekke spanande band sidan han slo gjennom med supergruppa Masqualero og plata med same namn på Odin Records i 1983.

Då hadde han vore student ved «jazzlinja» ved universitetet i Trondheim, og saman med Nils Petter Molvær, Jon Balke, Arild Andersen og Jon Christensen sett den norske jazzen på hovudet med energisk og drivande jazz.

Det er gått mange år sidan den gongen, og Brunborg har medverka på ei lang rekke plateutgjevingar. Og no er han på plass att med trioen sin og plata Malm. Her får me servert sju komposisjonar av Brunborg, og alt frå opninga, «Filia», forstår me at her har me med Brunborg i det lyriske hjørnet å gjere.

Lyrisk spel

Mange har hevda at Brunborg har mykje av spelet til Jan Garbarek i det han gjer. Og ja, det er mykje lyrisk spel, slik Garberek har halde på i mange år. Men det er samstundes noko særprega over tenorsaksofonspelet til den gode vossingen.

Og i Bardur Reinert Poulson og Veslemøy Narvesen, to av dei mest spanande jazzmusikarane i landet for tida, har han to medspelarar som har fullt innsyn i Brunborgs idear, og som følgjer han heilt til målstreken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement