Bok
Natur og ætt
Hilde Myklebust skriv overtydande om kjærleiken sin til naturen.
Hilde Myklebust er frå Syltedalen på Sunnmøre. Felles for dikta hennar er at naturen, alt som lever der, alltid er nærverande.
Foto: Helle Frogner
Same kor urbaniserte vi med tida er vortne, vi seine på jorda, er det framleis sume skilnader mellom by og land.
I byane skiftar det meste like taktfast som døgeret sjølv, men på bygda er enno omgrep som natur og ætt levande realitetar, om no orda til Hilde Myklebust i Kvit stig morgon skir står til truande. Og det trur eg dei gjer.
I førestillingsverda
No ligg ikkje desse eldgamle verdiane klårt i dagen i boka, ein må leita dei fram mellom linene, som det heiter.
I alle høve er det mykje ætt hjå Myklebust, det er dikt om mor og far, om ein bror, og eit for lengst avlide ektepar som lever sitt eige liv i førestillingsverda i samlinga: «Mor syng om ei djup elv/ Ho syng om ei vassnymfe/ Mor syng om ein bølgjande sjø/ om ein havkonge/ Ho syng sorga skir». «Ætt skal fylgja ættarrad», som det så flott vert sunge i den kjende salmen. Men Myklebust reproduserer ikkje berre desse verdiane utan å stilla spørsmål ved dei.
For dikta er alt anna enn konvensjonelle, dei er haldne i eit ekspressivt språk og glir fleire gonger over i rein surrealisme, og einskilde stader i primitivisme og vald: «Far du tok kattungane/ Heiv du dei i en sekk Far/ Rodde du dei ut i båten Far/ Kasta du dei på sjøen Far/Let du dei søkke Far». Det er noko urovekkjande over dikta til Hilde Myklebust, eit djupt alvor som set seg i merg og bein. Ho skriv med eit etisk og eksistensielt alvor som får meg til å tenkja på Gunvor Hofmo og den eldsprakande poesien hennar. Og det er sjeldsynt i vår tids dikting, som ofte er mykje lettare på foten, utan at det treng å vera noko gale i det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.