Kunst

Naken og gøymd

Ole T. Ytterdal: Mannsakt.
Ole T. Ytterdal: Mannsakt.
Publisert

Nærare femti år etter at målaren Ole T. Ytterdal (1890–1971) døydde, vart store rullar med teikningar funne i atelieret hans. Her var nakne kroppar i fleng, teikna etter modellar som hadde posert på studiestadane i Kristiania og Paris. Som denne akta av ein sitjande mann. Stempelet nedst på arket viser at ho er utført på Frihaandstegning III, det høgste nivået ved Kunst- og handverksskolen i Oslo. Teikninga er imponerande sikkert utført av den om lag 18 år gamle kunstnaren.

I ei tid då måleriet var figurativt, var studiet av den nakne menneskekroppen ein avgjerande del av undervisninga. Her skulle ein lære å sanse muskelrytmen, å finne formsymmetri så vel som å få fram tankar og kjensler. Ei godt utført akt var inngangsbilletten til dei beste utdanningsstadane.

Kvifor Ytterdal hadde gøymt så omhyggeleg vekk desse vakre teikningane, mange også ferdigstilte som kunstverk, kan ein berre spekulere på. Det kan hende han var redd for kva bygdefolket i Eidsdal ville synast om dei? Han budde og arbeidde i denne vesle sunnmørsbygda storparten av livet. Kroppen vist fram på ein slik måte, i nærare ein meter store teikningar, var nok folk ikkje vande med å sjå. Ei aktteikning verkar mykje meir intim enn til dømes ein statue av ein naken person i bronse. Ein kjem så mykje nærare i eit slikt studium, med nakne, svarte linjer på eit elles heilt kvitt ark.

Aktteikningar tilbyr ei heilt eiga kunstoppleving, her kan ein la seg fascinere av menneskekroppen, av korleis ulike positurar synleggjer den indre anatomien, av korleis vinkelen på lyset er med på å forme opplevinga i tre dimensjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement