Mysteriet Marie Grubbe: Braut ekteskapet og fann seg elskarar langt under sin stand

Øverst: Det antages, at de tre kvinder forestiller Gyldenløves tre hustruer. Motivet er en allegori over prins Paris af Troja, der skal T.v.: Marie Grubbe teikna av Kristian Zahrtmann. T.h. biografien om Marie Grubbe av Dan H. Andersen med eit maleri av det ein trur skal vise dei tre hustruene til Gyldenløve. Malaren er ukjend.

Publisert Sist oppdatert

Tidsbilete meir enn biografi?

Dag H. Andersen har først og fremst skrive eit verk om framståande slekter i ei bestemt tid, medan Marie Grubbe som person langt på veg forsvinn.

Om folk kjenner den danske 1600/1700-talsadelskvinna Marie Grubbe i dag, er det nok via J.P. Jacobsens roman Fru Marie Grubbe. Interieurer fra det syttende Aarhundrede (1876). Men talrike danske forfattarar både før og etter han har late seg inspirere av denne uvanlege kvinnelagnaden, til dømes Steen Steensen Blicher, H.C. Andersen, Ulla Ryum, og i dei seinare åra Juliane Preisler og Lone Hørslev.

I 1940 kom det òg ein opera om livet hennar av Ebbe Hamerik, basert på boka Den virkelige Marie Grubbe av Fredrik Nygaard. I tillegg har ei rekkje biografar og historikarar skrive om henne.

Basert på fakta

Det finst ein god del juridiske dokument om livet hennar, ekteskaps- og skilsmissepapir, arvesaker og anna, men svært få av personleg art. For mange har det då vore freistande å spekulere omkring livet til Marie Grubbe, som ikkje gjekk etter den slagne landevegen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement