Musikk
Velvet Underground i trygge hender
Todd Haynes’ etterlengta dokumentarfilm om The Velvet Underground leverer.
The Velvet Underground på scena. Frå venstre John Cale, Sterling Morrison og Lou Reed.
Foto frå filmen
Rockehistoria er proppfull av mytologisering og svulstig epokedanning, noko som ofte har vorte forsterka, og ikkje ofte nok kritisk utfordra, av ein overflatisk, panegyrisk TV-dokumentarisme der såkalla legender og ikon står i kø for å skryte av kvarandre og banalitetar vert lagde fram som om det var geniale innsikter.
Eit fenomen som The Velvet Underground fortener betre, og dermed er det fest i stova når regissør Todd Haynes har teke på seg ansvaret og laga film, for dette er noko heilt anna – ei nøktern og elegant reise tilbake i tid der det anekdotiske materialet er balansert ut med det historiserande og kontekstualiserande blikket.
Tidsmaskin
Klatrar du inn i tidsmaskina til Haynes, landar du først tidleg på 1960-talet i New York og møter den unge walisaren John Cale, som kom dit med musikkutdanning frå London og snart nok vart kjend med Lou Reed, som var oppvaksen der. Haynes brukar mykje tid på å teikne eit rikt bilete av det intenst vitale kulturlivet i byen på denne tida, og rolla det spela for korleis bandet vart til, og høyrdest ut.
Dette gjer han ved å kombinere intervju med nøkkelpersonar på kunstscenen med eit mangfaldig, rikt arkivmateriale. Dei sterke personlegdomane står i kø, i eit unikt flettverk av impulsar som kjem i kontakt med kvarandre. Vi får høyre filmskaparen Jonas Mekas tenkje tilbake og reflektere og ser ymse filmopptak frå miljøet rundt den myteomspunne popkunstnaren Andy Warhol.
Hovudvekta ligg på det som gav form til The Velvet Underground, og det vert fortalt mindre om tida etter at John Cale forlét bandet (og kanskje for lite om meisterverket The Velvet Underground (1969)). Den intense, tidvis hatske konflikten mellom Cale og Reed går det ikkje an å unnlate å nemne, men Haynes held i taumane med kløkt og sans for balanse, og vier det akkurat så mykje tid som naudsynt, for å unngå at vi sporar av med skitkasting, baksnakk og sladder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.