Musikk

Tungsindig tungrock

Foo Fighters’ nye album er ein kontemplasjon over sorg og tap.

Foo Fighters på scena i Cleveland i 2021. Neste veke spelar dei på Bonnaroo musikk- og kunstfestival i USA.
Foo Fighters på scena i Cleveland i 2021. Neste veke spelar dei på Bonnaroo musikk- og kunstfestival i USA.
Publisert

På albumet Hail Satin frå 2021 hadde Foo Fighters mellombels blitt eit Bee Gees-coverband. Det amerikanske bandet, som debuterte i 1994 og har eks-Nirvana-trommisen Dave Grohl som frontfigur på gitar og vokal, opererte for høvet under fana «Dee Gees». Prosjektet hadde ein lettbeint, inkluderande aura, og det likte naturlegvis den ultrakonservative amerikanske demografien dårleg.

Arge «homofobar» protesterte utanfor konsertane, og bandet motdemonstrerte nonchalant ved å rulle forbi på lasteplan iført glitrande discoærakostyme medan dei song «You Should Be Dancing», ein livsbejaande song om samhald, openheit og kjærleik – det gjer det godt å sjå tilbake på no i Pride-månaden.

Eit av høgdepunkta på Hail Satin var coverversjonen av «Shadow Dancing», med trommisen Taylor Hawkins på silkemjuk vokal. Han døydde brått i fjor. Årsaka er ukjend, men han hadde angstdempande, smertestillande og antidepressive lækjemiddel i blodet, og eg kjem til å tenkje på at å ha ei psykisk liding er svært alvorleg og kan kallast pandemisk i samfunnet vi lever i, men framleis vert dei som slit, stigmatiserte og misforståtte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement