Musikk
Triomagi
Lovano, Crispell og Castaldi kommuniserer perfekt.
Dette er den tredje utgjevinga til trioen. Debuten kom i januar 2019. Lovano overraska den gongen med eit uttrykk som var både ope og meditativt. Med Our Daily Bread veit ein kva ein får. Meir av det same kunne ein kanskje ha sagt, men det ville ikkje på noko vis ytt innspelinga rettferd. Det ettertenksame og ei veksling mellom det harmonisk opne og enkle pregar framleis det samla uttrykket.
Castaldi er framleis i all hovudsak fargeleggjaren, men det er ein konsentrasjon og intensitet i musiseringa som tydeleg fortel at desse tre har utvikla ei heilt spesiell evne til å kommunisera.
Nettopp denne kombinasjonen av å halda det nedpå, berre spela det naudsynte og utstråla fridom og full kontroll, gjer at ein som lyttar blir sogen inn i det musikalske universet til trioen. Også denne gongen har Lovano skrive all musikken, åtte låtar i alt.
Sjølv om grunnstemninga er gjennomgåande, er komposisjonane varierte i forma. Som tittelen «All Twelve» indikerer, byrjar plata harmonisk ope for så å gå over til «Grace Notes», der Crispell spelar eit ostinat i venstrehanda stykket igjennom. Tittelkuttet er ein melodiøs post-Coltrane-ballade, medan «One for Charlie» er eit vakkert, bluesinspirert og fabulerande stykke for solo tenorsaksofon. Ei flott hylling til den store vesle basshelten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.